5488_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/etablerere/arkiv
5488
Mange etablerer aksjeselskap åleine
statistikk
2006-12-15T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Innvandring og innvandrere
no
etablerere, Etablerere i næringslivet, gründere, overlevelse, vekstEierskap og roller, Virksomheter, foretak og regnskap, Innvandring og innvandrere, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Etablerere i næringslivet2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Mange etablerer aksjeselskap åleine

Eitt av to nyetablerte aksjeselskap har berre ein etablerar. Blant personar som er etablerarar hadde halvparten rolle som dagleg leiar eller styrerepresentant i andre føretak per 1. januar 2004. 22 prosent av etablerarane var på same tid eigarar av personleg åtte føretak

Statistisk sentralbyrå har publisert statistikk over eigarane/etablerarane i personleg eigde føretak sidan 2004. Med basis i Aksjonærregisteret (AR) frå Skattedirektoratet har vi identifisert etableraren i aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA). AR omfattar alle aksjonærane i norske AS og ASA. Aksjonærane er identifiserte ved fødselsnummer (personar), organisasjonsnummer (føretak), vps-kontonummer (kan vere både føretak og person) eller namn (kan vere både føretak og person).

Eit føretak kan ha ein eller fleire etablerarar. Etableraren kan vere ein person, eit føretak eller ein kombinasjon av ulike typar aksjonærar. Eit aksjeselskap kan ha ein eller fleire aksjonærar. Etableraren kan vere den eller dei som har hatt ideen føretaket er tufta på, som har ein viss del av aksjekapitalen eller har kompetansen til å driva føretaket.

Metoden for å finna etableraren går ut på å identifisere aksjonærane i eit føretak som har ei rolle som anten dagleg leiar eller styrerepresentant, eller som har ein del av aksjekapitalen over ein viss storleik.

Dersom eit nyetablert føretak er eigd av andre føretak og dei andre føretaka er eigde av berre personar, er etableraren identifisert blant desse personane. Dersom dei andre føretaka ikkje har berre personar som aksjonærar, vil etableraren vere blant føretaka som er aksjonærar i det nyetablerte føretaket.

I 2004 vart det etablert 10 848 nye aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA) i Noreg. 9 883 (91 prosent) av føretaka finst i Aksjonærregisteret og utgjer grunnlaget for å finna etableraren. Vel halvparten (5 781 eller 58,5 prosent) av føretaka har berre personar som aksjonærar, 2 183 (22,1 prosent) har berre føretak som aksjonærar medan 1 326 (13,4 prosent) av føretaka er eigde av både personar og føretak.

Dei fleste føretaka har få etablerarar. 48,3 prosent av dei nyetablerte føretaka har ein etablerar og 31,5 prosent har to etablerarar. Berre 1,4 prosent (141 føretak) har fem eller fleire etablerarar. Av føretaka som har berre føretak som eigar, har 63,9 prosent berre ein etablerar. 24 prosent av føretak som har ein kombinasjon av personar og føretak som eigarar, har berre ein etablerar og heile 37,8 prosent har tre eller fleire etablerarar.

Dei fleste etablerarane er personar. 75,3 prosent av dei nyetablerte føretaka har berre personar som etablerar, medan 14,9 prosent har andre føretak som etablerar. 3,6 prosent av føretaka har både personar og føretak som etablerarar. I vel ein tredel av føretaka som har berre andre føretak som aksjonærar er etableraren ein (eller fleire) personar. I desse tilfella er alle føretaka som er aksjonærar eigd berre av personar. Godt over halvparten av føretaka som har både personar og føretak som aksjonærar har berre personar som etablerarar. 76,9 prosent av personane som er etablerarar er aksjonærar i føretak som har berre personar som aksjonærar.

Halvparten av etablerarane hadde roller i styre eller leiing i andre føretak

Om lag 7 900 av aksjeselskapa (AS) og allmennaksjeselskapa (ASA) som vart etablerte i 2004, har personar som etablerarar. Totalt finn vi 14 600 personar som er etablerarar. 68,5 prosent av desse er etablerarar av føretak som berre er eigde av personar, 16 prosent av føretak som er eigde av både personar og andre føretak, medan 12 prosent av føretak som berre er eigde av andre føretak.

Halvparten av etablerarane hadde rollar som dagleg leiar eller styrerepresentant i andre føretak per 1. januar 2004, medan 22 prosent av etablerarane var eigarar av personleg eigde føretak.

2,5 prosent av etablerarane har innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land, 2 prosent frå vestlege land utanom Noreg, mens 95 prosent har ingen innvandrarbakgrunn. Etablerarar frå ikkje-vestlege land skil seg mest ut når det gjeld kombinasjonar av eigarar i føretaket, 85 prosent av desse er etablerarar av føretak eigd av berre personar.

83 prosent av etablerarane er menn. For kvinnelege etablerarar er 79 prosent av desse i føretak berre eigd av personar. Tilsvarande tal for menn er 66 prosent. Menn verkar oftare enn kvinner å etablera føretak der føretaket er eigd av både føretak og personar.

54 prosent av etablerarane har vidaregåande skule som høgaste fullførte utdanning, og vel 36 prosent har høgare utdanning (låg og høg). Kvar tredje etablerar er mellom 35 og 44 år. 14,5 prosent er 55 år eller eldre og berre 3 prosent er mellom 16 og 24 år.

Etablerarføretaka har få tilsette

1 880 føretak er blitt identifiserte som etablerarar. I alt har desse føretaka etablert 1 773 AS og ASA. To tredjedelar av desse er etablerarar i føretak som har berre føretak som eigarar. 26 prosent er etablerarar i føretak som er eigd av både personar og føretak.

Dei fleste etablerarføretaka har få tilsette. Nær halvparten av etablerarføretaka har ingen tilsette og 15 prosent har 1-4 tilsette. Berre 4 prosent av etablerarføretaka har 250 eller fleire tilsette.

80 prosent av etablerarføretaka er aksjeselskap. Fylket med flest etablerarføretak er Oslo, der eit av fire etablerarføretak held til. 11,5 prosent av etablerarføretaka har verksemda si i Rogaland.

Tabeller: