5126_om_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/aksjer/aar-forelopige
5126_om
statistikk
2014-06-23T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
false
Statistikken Aksjer og kapitalutdelinger viser hvilke sektorer som mottar utbytte og eier aksjer. Det var sterk økning i utbyttet i 2013.

Aksjer og kapitalutdelinger2013, foreløpige tall

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Aksjer og kapitalutdelinger
Emne: Virksomheter, foretak og regnskap

Ansvarlig seksjon

Seksjon for regnskapsstatistikk og VoF

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Aksjeselskap er eit selskap der ingen av deltakarane har personleg ansvar for selskapets forpliktingar, utover det deltakarane har investert i selskapet. Selskapet vert sett på som ein sjølvstendig (juridisk) eining. Selskapet må ha eit stiftingsdokument, aksjekapital må skytast inn og selskapet skal meldes til Føretaksregisteret. Eit aksjeselskap er eit allmennaksjeselskap dersom det nemner seg slik i vedtektene og registrerast med same nemning i Føretaksregisteret. Alle eller ein stor del av aksjane skal vere fritt omsetjelege og desse skal registrerast i Verdipapirsentralen. Meir utfyllande informasjon om krava til aksjeselskap finst i Lov om aksjeselskap og Lov om allmennaksjeselskap.

Aksje er ein eigardel i eit selskap med avgrensa ansvar.

Eigenkapitalbevis (tidlegare kalla grunnfondsbevis) vert ferda ut av sparebankar og har klare likskapstrekk med aksjar. Ulikskapen er hovudsakleg at eigaren av eit grunnfondsbevis kun har ein avgrensa eigarrett til banken, og avgrensa innverknad på banken. Høve til å fordele utbytte er også avgrensa.

Aksjeklasse . Styret kan avgjere å dele selskapets aksjar inn i ulike klassar. Klassane kan ha ulik utbytte- og/eller stemmerett, eller andre skilnader som vert gjort meir utfyllande rede for ved utferding.

Aksjonær eller aksjeeigar er ein fysisk eller juridisk person eller annan samanslutning som eig aksjar i eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Dersom ein person eller samanslutning eig aksjar i fleire selskap, vil dei teljast for kvart selskap dei eig aksjar i.

Aksjekapital . Ved stiftinga av eit aksjeselskap må stiftarane (aksjonærane) skyte inn kapital. Minstekravet til aksjekapital er 30 000 kroner. For allmennaksjeselskap er minstekravet til aksjekapital 1 million kroner. Aksjekapitalen kan aukast på eit seinare tidspunkt ved å auke pålydande verdi eller ved å teikne nye aksjar. Om ein aksjonær betalar inn meir enn pålydande verdi, har det vorte betala ein overkurs. Aksjeselskapet kan seinare betala tilbake både aksjekapital og overkurs til aksjonærane. Statistikk på aksjekapital famnar om aksjeselskap som var til per 31.12 i teljeåret.

Pålydande verdi er aksjens verdi da den vart utferda. Aksjens pålydande verdi multiplisert med talet på aksjar skal vere lik aksjekapitalen. Pålydande verdi kan endrast ved aksjesplitt eller omvendt splitt.

Utdelt utbytte er utdelt utbytte frå aksjeselskap til aksjonærar i teljeåret. Statistikk på utdelt utbytte famnar om alt utbytte utdelt av aksjeselskap i løpet av teljeåret, uavhengig om aksjeselskapet var til per 31.12 eller var opphøyrt.

Motteke utbytte er utbytte som er motteke av aksjonærane i teljeåret.

Motteke aksjekapital er aksjekapital som aksjeselskapet har nedsett og betala tilbake til aksjonærane. Dette er ei skattefri overføring.

Motteke overkurs er overkurs som aksjeselskapet har nedsett og betala tilbake til aksjonærane. Dette er ei skattefri overføring.

Motteke annan innskutt eigenkapital er annan innskutt eigenkapital som aksjeselskapet har nedsett og betala tilbake til aksjonærane. Dette er ei skattefri overføring.

Vinst ved sal av aksjar . Dersom ein aksjonær sel ein eller fleire aksjar og salgsprisen overstiger prisen aksjen vart kjøpt for, oppstår ein skattemessig vinst.

Skjermingsfrådrag . Med innføringa av aksjonærmodellen frå 1. januar 2006 vert det utlikna skatt på utbytte og vinst ved sal av aksjar/partar til personar dersom utbyttet/vinsten overstiger ei berekna risikofri avkastning, kalt skjermingsfrådrag. Skjermingsfrådraget vert som hovudregel utrekna ved å ta aksjens/partens kostpris (skjermingsgrunnlag) multiplisert med ei rente (skjermingsrente). Det er personen som eig aksjen då skjermingsfrådraget vert utrekna (31.12 kvart år) som har krav på frådraget. Dersom heile eller delar av skjermingsfrådraget ikkje vert nytta eit år, kan det framførast til seinare år og nyttegjerast då.

Skattepliktig utbytte er den delen av motteke utbytte som overstig skjermingsfrådraget.

Skattepliktig vinst er den delen av vinsten ved sal av aksjar/partar som overstig skjermingsfrådraget.

Børsnotert / unotert . Børsnoterte aksjar er aksjar som er notert og omsett på Oslo Børs per 31.12 i teljeåret. Unoterte aksjar er ikkje notert på Oslo Børs per 31.12 i teljeåret. Frå og med statistikken for 2007 er også aksjar notert på Oslo Axess inkludert i gruppa for børsnoterte.

Standard klassifikasjoner

Næringsgrupperinga som nyttast i statistikken er i samsvar med revidert norsk Standard for næringsgruppering (SN94) som byggjer på EUs næringsstandard NACE Rev. 1 og FNs næringsstandard ISIC Rev. 3. Frå og med statistikken for inntektsåret 2004 nyttast versjon SN2002 som byggjer på EUs standard NACE Rev. 1.1, og frå og med inntektsåret 2008 nyttast versjon SN2007 som byggjer på EUs standard NACE Rev. 2. Selskap som driv verksemd i fleire bransjar, er prinsipielt gruppert etter den verksemd som medverkar mest til selskapets samla omarbeidingsverdi.

Institusjonell sektor er ei statistisk gruppering av aktørane i fyrste rekkje etter samfunnsøkonomisk funksjon, men og etter organisasjonsform og eigarskap. Institusjonell sektorgruppering byggjer på FNs standard "System of National Accounts" (SNA) frå 1993. Frå og med inntektsåret 2012 nyttast ny institusjonell sektorgruppering som byggjer på FNs standard "System of National Accounts" (SNA) frå 2008 og EUs "European System of National Accounts" (ESA) frå 2010.

Grupperinga etter land og verdensdel byggjer på ISO standard 3166 og FNs standard for land- og regionsgruppering (M49) . Statistikken landfordelast etter landet kor eigaren av aksjen er registrert. Dersom til dømes eit amerikansk selskap eig eit holdingselskap i Nederland, og holdingselskapet eig aksjar i eit norsk aksjeselskap, vil aksjonæren i det norske aksjeselskapet framstå som nederlandsk i statistikken, sjølv om den ultimate eigaren er amerikansk.

Administrative opplysninger

Bakgrunn

Produksjon

Nøyaktighet og pålitelighet