Fleire konkursar i 2018

Publisert:

Det vart registrert fleire konkursopningar i 2018 enn i året før. Også tala for 4. kvartal 2018 viser ein auke frå same periode i 2017.

Totalt var det opna 5 010 konkursar i fjor, viser nye tal frå statistikken Opna konkursar. Det er 9,9 prosent, eller 453, fleire konkursar enn i 2017. Den største prosentvise auken finn vi i Buskerud, med 33,8 prosent fleire konkursar. I Akershus var auka i absolutte tal størst, med 118 fleire konkursar.

Det vart opna 1 272 konkursar i 4. kvartal 2018, som er 3.8 prosent fleire enn i den same perioden året før.

Auke i både føretakskonkursar og einskildpersonføretak

Nesten åtte av ti konkursar, i alt 3 885, var føretakskonkursar eksklusive einskildpersonføretak. Det var 12 prosent fleire føretakskonkursar i fjor enn i 2017. Størst auke i absolutte tal finn vi innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner med i alt 156 fleire konkursopningar. Dette er og den næringen med flest føretakskonkursar, 993 i alt.

Dei resterande 1 125 konkursane gjaldt einskildpersonføretak som òg omfattar personlege konkursar. Her gjekk talet opp med 2 prosent, eller 23 fleire konkursar enn i året før. 40 prosent av dei som gjekk konkurs dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

4. kv. 2005 1. kv. 2006 2. kv. 2006 3. kv. 2006 4. kv. 2006 1. kv. 2007 2. kv. 2007 3. kv. 2007 4. kv. 2007 1. kv. 2008 2. kv. 2008 3. kv. 2008 4. kv. 2008 1. kv. 2009 2. kv. 2009 3. kv. 2209 4. kv. 2009 1. kv. 2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2.kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4.kv.2016 1. kv. 2017 2. kv. 2017 3. kv. 2017 4. kv. 2017 1. kv 2018 2. kv 2018 3.kv.2018 4.kv.2018
Føretakskonkursar 438 505 451 479 517 543 432 385 484 547 589 582 882 1093 1021 818 881 865 845 702 749 871 800 677 826 774 661 624 704 836 910 686 821 921 877 745 891 962 866 652 848 854 956 713 785 935 877 733 910 1020 1076 818 971
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar 227 340 238 231 271 338 259 198 206 206 286 252 293 325 363 210 302 346 395 247 286 308 358 257 258 301 239 216 295 348 406 222 335 378 391 290 310 332 299 227 276 309 396 285 246 319 247 220 316 281 285 258 301

Kontakt