Fleire konkursar

Publisert:

I tredje kvartal i år vart det opna 1 076 konkursar. Dette er ein auke på 13 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Møre og Romsdal var det fylket med størst prosentvis oppgang.

I Møre og Romsdal var auken på 52 prosent, viser statistikken Opna konkursar. Målt i absolutte tal var oppgangen størst i Hordaland og Oslo med høvesvis 29 og 28 fleire konkursar samanlikna med 3. kvartal 2017. I Østfold, Hedmark og Nordland gjekk talet på konkursar ned.

818 av konkursane i 3. kvartal var føretakskonkursar (eksklusive einskildpersonføretak). Vel ein fjerdedel av desse var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.

Dei resterande 258 konkursane gjaldt einskildpersonføretak og personlege konkursar. 38 prosent av desse dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

4. kv. 2005 1. kv. 2006 2. kv. 2006 3. kv. 2006 4. kv. 2006 1. kv. 2007 2. kv. 2007 3. kv. 2007 4. kv. 2007 1. kv. 2008 2. kv. 2008 3. kv. 2008 4. kv. 2008 1. kv. 2009 2. kv. 2009 3. kv. 2209 4. kv. 2009 1. kv. 2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2.kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4.kv.2016 1. kv. 2017 2. kv. 2017 3. kv. 2017 4. kv. 2017 1. kv 2018 2. kv 2018 3.kv.2018
Føretakskonkursar 438 505 451 479 517 543 432 385 484 547 589 582 882 1093 1021 818 881 865 845 702 749 871 800 677 826 774 661 624 704 836 910 686 821 921 877 745 891 962 866 652 848 854 956 713 785 935 877 733 910 1020 1076 818
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar 227 340 238 231 271 338 259 198 206 206 286 252 293 325 363 210 302 346 395 247 286 308 358 257 258 301 239 216 295 348 406 222 335 378 391 290 310 332 299 227 276 309 396 285 246 319 247 220 316 281 285 258

 

Kontakt