Færre konkursar

Publisert:

Det vart opna 1294 konkursar i 2. kvartal i år. Dette er ein nedgang på 5 prosent samanlikna med det same kvartalet i fjor.

Den største prosentvise nedgangen finn vi i Buskerud og Østfold med høvesvis 33 og 30 prosent færre konkursar, viser nye tal frå statistikken Opna konkursar. Det er og desse to fylka som har størst nedgang i absolutte tal. Buskerud med 33 og Østfold med 26 færre konkursar. I seks fylke gjekk talet på konkursar opp, mest i Hordaland med 11 prosent eller 16 fleire konkursar.

Tre av fire konkursar – i alt 982 - var føretakskonkursar som ikkje omfattar einskildpersonføretak, som er ein nedgang på 9 prosent frå same kvartal i fjor. 27 prosent av dessa var innanfor byggje- og anleggsverksemd. 23 prosent var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.

Dei resterande 312 konkursane omfattar einskildpersonføretak og personlege konkursar, som er ein auke på 9 prosent. 43 prosent av desse finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd. Talet på konkursar innanfor denne næringa auka med 18 prosent samanlikna med 2. kvartal i fjor.

Hittil i år har det vore opna 2 627 konkursar. Dette er 1 prosent færre enn i den same perioden året før.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

2. kv. 2006 3. kv. 2006 4. kv. 2006 1. kv. 2007 2. kv. 2007 3. kv. 2007 4. kv. 2007 1. kv. 2008 2. kv. 2008 3. kv. 2008 4. kv. 2008 1. kv. 2009 2. kv. 2009 3. kv. 2209 4. kv. 2009 1. kv. 2010 2. kv. 2010 3. kv. 2010 4. kv. 2010 1. kv. 2011 2. kv. 2011 3. kv. 2011 4. kv. 2011 1. kv. 2012 2.kv. 2012 3. kv. 2012 4. kv. 2012 1. kv. 2013 2. kv. 2013 3. kv. 2013 4. kv. 2013 1. kv. 2014 2. kv. 2014 3. kv. 2014 4. kv. 2014 1. kv. 2015 2. kv. 2015 3. kv. 2015 4. kv. 2015 1. kv. 2016 2. kv. 2016 3. kv. 2016 4.kv.2016 1. kv. 2017 2. kv. 2017 3. kv. 2017 4. kv. 2017 1. kv 2018 2. kv 2018 3.kv.2018 4.kv.2018 1.kv.2019 2.kv.2019
Føretakskonkursar 451 479 517 543 432 385 484 547 589 582 882 1093 1021 818 881 865 845 702 749 871 800 677 826 774 661 624 704 836 910 686 821 921 877 745 891 962 866 652 848 854 956 713 785 935 877 733 910 1020 1076 818 971 1049 982
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar 238 231 271 338 259 198 206 206 286 252 293 325 363 210 302 346 395 247 286 308 358 257 258 301 239 216 295 348 406 222 335 378 391 290 310 332 299 227 276 309 396 285 246 319 247 220 316 281 285 258 301 284 312

 

 

Kontakt