3301
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3301
Auka kjøp av bilar
statistikk
2007-03-01T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk
false

Varekonsumindeksenjanuar 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auka kjøp av bilar

Sesongjusterte tal viser ein auke på 2,7 prosent i varekonsumet frå desember i fjor til januar i år. Kjøp av bilar trekte indeksen opp. Utanom bilar auka indeksen med 1,1 prosent.

Det var ein kraftig auke i nyregistrete bilar frå desember til januar, i samsvar med perioden frå november til desember. Dette har truleg samanheng med avgiftsendringar på bilar frå årsskiftet. Konsumet av bilar og drivstoff auka med 12,3 prosent frå desember

Konsumet av matvarer auka med om lag 1 prosent frå desember til januar, medan konsumet av elektrisitet og brensel auka med 4 prosent. Den sterke auken i konsum av elektrisitet og brensel må ein sjå i samanheng med lågt sesongjustert konsum i desember. Konsumet i januar i år var nesten 6 prosent lågare enn i januar 2006.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga andre varer var om lag uendra frå desember til januar. Det var ein auke i kjøp av kle og sko, medan ein nedgang i konsumet av fritidsutstyr og foto- og datautstyr trakk indeksen ned.

Dei ujusterte tala viser ein auke i varekonsumindeksen på meir enn 10 prosent frå januar i fjor til januar i år. Salet av bilar var 37 prosent høgare enn i januar 2006. Indeksen utanom bilar var 6,1 prosent høgare.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrås elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for den førre perioden.

Varekonsumindeks, januar 2007. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Januar 2006-januar 2007. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2006        
Januar  140,3 0,1  132,4 6,1
Februar  140,3 0,0  121,3 1,8
Mars  142,0 1,2  140,9 7,9
April  141,0 -0,7  128,9 -3,3
Mai  144,2 2,2  141,6 7,3
Juni  143,6 -0,4  148,9 3,9
Juli  144,5 0,6  143,1 2,5
August  144,9 0,3  148,8 4,6
September  145,4 0,4  140,0 4,5
Oktober  145,7 0,2  141,7 5,7
November  146,2 0,3  148,9 5,8
Desember  148,3 1,5  192,0 4,0
2007        
Januar  152,3 2,7  146,5 10,6
1  Merk at indeksane er reviderte

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB