Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Framleis auke i konsumet
Sesongjusterte tal viser ein auke på 0,7 i varekonsumet frå november til desember. Kjøp av bilar trekte indeksen opp.
Det var ein kraftig auke i nyregistrerte bilar frå november til desember. Dette har truleg samanheng med avgiftsendringar på bilar frå årsskiftet. Samstundes gjekk bensinforbruket noko ned, slik at samla bil- og bensinkonsum auka med 7,1 prosent.
Ifølgje dei sesongjusterte tala gjekk konsumet av mat- og drikkevarer litt opp i desember samanlikna med månaden før. Mildt ver i desember førte derimot til at forbruket av elektrisitet og andre energiformer gjekk ned med 5 prosent. Det var også ein svak nedgang i kjøpet av andre varegrupper som klede, sko og møblar.
Varekonsumet i desember 2006 var 3,62 prosent høgare enn i desember året før, viser ujusterte tal.
| 
             
              Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen
             
            Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.  | 
        
| 
              Varekonsumindeks, desember 2006. Sesongjustert og
               ujustert volumindeks. Desember 2005-desember 2006. 1995=1001(rettet 30.01.2007 kl 10.22)  | 
          
| Periode | Sesongjustert | 
                Prosentendring
                 frå månaden før  | 
              Ujustert | 
                Prosentendring frå
                 same månad året før  | 
            |||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2005 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Desember | 139,6 | 1,0 | 184,5 | 0,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 2006 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Januar | 140,8 | 0,9 | 132,4 | 6,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Februar | 140,5 | -0,2 | 121,3 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Mars | 142,1 | 1,2 | 140,9 | 7,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| April | 141,1 | -0,7 | 128,9 | -3,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Mai | 144,3 | 2,2 | 141,6 | 7,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Juni | 143,6 | -0,4 | 148,9 | 3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Juli | 144,4 | 0,6 | 143,1 | 2,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| August | 144,7 | 0,2 | 148,8 | 4,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| September | 145,2 | 0,3 | 140,0 | 4,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Oktober | 145,4 | 0,1 | 141,7 | 5,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| November | 145,9 | 0,4 | 148,6 | 5,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Desember | 146,9 | 0,7 | 191,2 | 3,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 1 | Merk at indeksane er reviderte. | 
| 2 | Tallet er rettet 30.01.2007 kl. 11.02. | 
Kontakt
- 
         
Vemund Rundberget
E-post: uve@ssb.no
tlf.: 97 65 50 90