3307
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3307
Auken i varekonsumet held fram
statistikk
2006-11-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk
false

Varekonsumindeksenoktober 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auken i varekonsumet held fram

Sesongjusterte tal visar ein auke på 0,2 prosent i varekonsumet frå september til oktober. Kjøp av klede og sko, samt konsum av elektrisitet og brensel, medverka sterkast til veksten. Samstundes var det ein nedgang i konsumet av mat.

I oktober auka konsumet av varer i gruppa "andre varer" med 0,9 prosent frå førre månad. Kjøp av klede og sko samt fritidsutstyr bidrog mest til veksten, med ein vekst på respektive 0,9 og 1,9 prosent.

BåDe konsumet av elektrisitet og brensel steig frå det låge nivået i september. Elektrisitetsforbruket gjekk opp med 2,2 prosent, medan konsumet av brensel auka med heile 13,2 prosent. Trass i vekst frå september, er nivået for elektrisitet og brensel lågare enn på same tid i fjor.

Mat og drikke

Forbruket av mat, drikke og tobakk gjekk ned med 1 prosent frå september til oktober. Konsumet av mat og drikke gjekk ned, medan det var ein auke i konsumet av tobakk.

Konsumet av bensin og biler gjekk båe ned med 1,5 prosent frå september til oktober.

Varekonsumet i oktober i år låg 5,7 prosent høgare enn oktober i fjor, viser dei ujusterte tala. Auken i varer som høyrer heime i korga "andre varer" medverka klart mest til veksten, og spesielt stor vekst var det i konsumet av klede og sko, møblar og kvitevarer, foto- og it-utstyr og i fritidsutstyr. Konsumet av matvarer auka også i denne perioden, medan forbruket av elektrisitet var lågare i oktober i år enn same månad i fjor.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, oktober 2006. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. Oktober 2005-oktober 2006.
1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
frå månaden før
Ujustert Prosentendring
frå same månad året før
2005        
Oktober  137,7 -0,9  134,2 0,5
November  138,2 0,4  141,3 1,5
Desember  140,7 1,8  186,0 0,7
2006        
Januar  140,9 0,1  133,6 6,3
Februar  140,7 -0,1  121,8 2,0
Mars  142,4 1,2  141,2 8,2
April  141,3 -0,8  129,0 -3,1
Mai  144,4 2,2  141,1 7,4
Juni  143,6 -0,5  148,4 3,8
Juli  144,5 0,6  142,6 2,5
August  144,9 0,3  148,5 4,6
September  145,3 0,2  139,8 4,5
Oktober  145,5 0,2  141,8 5,7
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB