3311_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3311
Svak auke i konsumet
statistikk
2006-09-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenaugust 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak auke i konsumet

Ifølgje sesongjusterte tal auka varekonsumet med 0,3 prosent frå juli til august. Konsumet av klede og sko trekte indeksen opp medan konsumet av matvarer gjekk ned.

Tala viser ein nedgang i konsumet av mat, drikke og tobakk på 0,2 prosent. Konsumet av matvarer gjekk ned med om lag 1 prosent.

Gruppa "andre varer" auka med 0,5 prosent. Tala viser at konsumet av klede og sko hadde ein oppgang på nærmare 2 prosent, medan dei andre varene i gruppa hadde svakare utvikling.

Konsumet av elektrisitet var om lag uendra frå juli til august.

I august gjekk konsumet av bilar opp, og konsumet av bensin ned. Dei to utlikna kvarandre slik at konsumet av varer i gruppa bilar og bensin var uendra frå månaden før.

Varekonsumet i august i år låg 4,5 prosent høgare enn i august i fjor, viser dei ujusterte tala. Konsumet av fritidsutstyr, klede, sko, møblar og kvitevarer var klart høgare enn tolv månader før, medan konsumet av elektrisitet var lågare.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, august 2006. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
August 2005-august 2006. 1995=1001
Periode       Sesongjustert       Prosentendring frå
månaden før
        Ujustert       Prosentendring frå
same månad året før
2005        
August  139,8 0,0       141,9 5,8
September        139,9 -0,6  133,7 3,0
Oktober  137,3 -1,2  134,2 0,5
November  138,3 0,7  141,3 1,5
Desember  140,8 1,8  186,0 0,7
2006        
Januar  140,9 0,1  133,6 6,3
Februar  140,7 -0,1  121,8 2,0
Mars  142,5 1,2  141,2 8,2
April  141,4 -0,8  129,0 -3,1
Mai  144,4 2,2  141,1 7,4
Juni  143,6 -0,6  148,3 3,8
Juli  144,3 0,5  142,5 2,4
August  144,7 0,3  148,4 4,6
1  Merk at indeksane er reviderte