3313
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3313
Konsumet opp i juli
statistikk
2006-08-30T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenjuli 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet opp i juli

Varekonsumet auka med 0,7 prosent frå juni til juli, viser sesongjusterte tal. Konsumet av klede og sko, dertil elektrisitet, medverka sterkast til veksten. Samstundes var det ein nedgang i konsumet av drikkevarer og tobakk.

Grupperinga "andre varer", som mellom anna omfattar varer som klede og sko, møbler, kvitevarer og elektronikk, auka med 0,8 prosent i juli. Konsumet av klede auka med nærmare to prosent, medan konsumet av møbler og kvitevarer auka med om lag 1,5 prosent.

Konsumet av elektrisitet og brensel auka med litt under 2 prosent. Det var konsumet av elektrisitet som gav denne auken, med ein oppgang på nesten 3 prosent.

I juli gjekk konsumet av mat og drikkevarer ned med 0,4 prosent. Konsumet av mat gjekk noko opp, medan konsumet av både alkoholhaldige og alkoholfrie drikkevarer gjekk ned. Også konsumet av tobakk gjekk ned.

I juli gjekk konsumet av biler og bensin opp med om lag 2 prosent.

Dei ujusterte tala viser ein auke i varekonsumet på 2,2 prosent frå juli i fjor til juli i år. Størst var auken i konsumet av "andre varer", med 3,9 prosent. Det var konsumet av elektronikk, varig fritidsutstyr, møbler, kvitevarer og klede som bidrog mest. Konsumet av matvarer voks med om lag 4 prosent frå juli i fjor til juli i år, medan konsumet av bilar, bensin og elektrisitet har gått litt ned dei siste 12 månadene.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen, har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, juli 2006. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Juli 2005-juli 2006. 1995=1001
Periode     Sesongjustert       Prosentendring frå
månaden før
      Ujustert       Prosentendring frå
same månad året før
2005        
Juli  139,6 0,5  139,1 3,1
August  139,9 0,2  141,9 5,8
September        138,9 -0,7  133,7 3,0
Oktober  137,5 -1,1  134,2 0,5
November  138,2 0,5  141,3 1,5
Desember  140,6 1,8  186,0 0,7
2006        
Januar  140,3 -0,2  132,9 5,7
Februar  140,1 -0,2  121,2 1,5
Mars  141,8 1,2  140,6 7,7
April  140,7 -0,8  128,4 -3,6
Mai  143,8 2,2  140,6 7,0
Juni  142,9 -0,6  147,7 3,3
Juli  143,9 0,7  142,1 2,2
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB