3315_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3315
Konsumet ned i juni
statistikk
2006-08-09T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksen, juni 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet ned i juni

Etter ein auke i varekonsumet frå april til mai, viser sesongjusterte tal ein nedgang i konsumet på 0,9 prosent frå mai til juni. Lågare konsum av blant anna klede trekte indeksen ned.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" gjekk ned med 1,3 prosent i juni. Konsumet av klede, hushaldsartiklar og møblar og kvitevarer gjekk ned, medan konsumet av foto- og datautstyr og fritidsutstyr gjekk noko opp.

Konsumet av elektrisitet og brensel gjekk ned med 5 prosent frå mai til juni, medan konsumet av bilar og bensin var omkring uendra.

I juni var det ein auke i konsumet av mat og drikkevarer. Konsumet låg 0,6 prosent høgare enn i mai. Salet av tobakksvarer gjekk svakt ned.

Dei ujusterte tala viser ein auke i varekonsumet på 3 prosent frå juni i fjor til juni i år. Det var særleg matvarer og "andre varer" som trekte indeksen opp. Konsumet av bilar, bensin og elektrisitet er lågare enn same månad i fjor. Det totale varekonsumet, målt i faste prisar, var 3,5 prosent høgare første halvår i 2006 samanlikna med det første halvåret i 2005.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, juni 2006. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Juni 2005-juni 2006. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2005        
Juni  138,9 1,2  142,9 2,6
Juli  140,0 0,8  139,1 3,1
August  139,8 -0,1  141,9 5,8
September  138,9 -0,6  133,7 3,0
Oktober  137,5 -1,0  134,2 0,5
November  138,2 0,5  141,3 1,5
Desember  140,6 1,8  186,0 0,7
2006        
Januar  140,3 -0,2  132,9 5,7
Februar  140,0 -0,2  121,2 1,5
Mars  141,7 1,2  140,6 7,7
April  140,6 -0,8  128,4 -3,6
Mai  143,6 2,1  140,6 7,0
Juni  142,3 -0,9  147,2 3,0
1  Merk at indeksane er reviderte.