3318_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3318
Konsumet opp i mai
statistikk
2006-06-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenmai 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet opp i mai

Etter ein nedgang i konsumet frå mars til april viser sesongjusterte tal ein auke i konsumet på 2,1 prosent frå april til mai.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" auka med heile 3,7 prosent i mai. Det var konsumet av klede og sko som trekte mest opp. Vidare var det ein auke i konsumet av matvarer på 1,7 prosent, samt at kjøp av bilar, bensin og olje gjekk opp med 3,0 prosent frå april til mai.

Konsumet av elektrisitet og brensel gjekk ned med 6,1 prosent frå april til mai.

Dei ujusterte tala viser ein auke i varekonsumet på 6,8 prosent frå mai i fjor til mai i år. Det var særleg "andre varer" som trekte indeksen opp.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste vareforbruket til hushalda, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der korttidsstatistikken til Noregs vassdrags- og energidirektorat er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med elektrisitetsstatistikken til Statistisk sentralbyrå. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, mai 2006. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Mai 2005-mai 2006. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2005        
Mai  137,2 -3,2         131,4 4,3
Juni  139,1 1,4  142,9 2,6
Juli  139,9 0,6  139,1 3,1
August  139,9 0,0  141,9 5,8
September  138,9 -0,7  133,7 3,0
Oktober  137,5 -1,1  134,2 0,5
November  138,2 0,5  141,3 1,5
Desember  140,5 1,7  186,0 0,7
         
2006        
Januar  140,2 -0,2  132,9 5,7
Februar  140,0 -0,1  121,2 1,5
Mars  141,7 1,2  140,6 7,7
April  140,5 -0,8  128,4 -3,6
Mai  143,4 2,1  140,3 6,8
1  Merk at indeksane er reviderte.