3321_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3321
Konsumet gjekk ned i april
statistikk
2006-05-31T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenapril 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet gjekk ned i april

Etter ein auke i konsumet frå februar til mars viser sesongjusterte tal ein nedgang i konsumet på 0,6 prosent frå mars til april. Alle konsumgruppene hadde ein nedgang. Konsumet er likevel høgare enn i dei to fyrste månadene i år.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" gjekk ned med 0,4 prosent i april. Det var hovudsakleg konsumet av møblar og kvitevarer samt artiklar til hushaldet som trekte ned.

Salet av tobakk gjekk kraftig ned i april, heile 11 prosent frå mars. Det er vanskeleg å trekkje ein slutning frå desse tala. Påska var i april i år, og ein kan tenkje seg at fleire hushald har vore utanlands og kjøpt med seg tobakksvarer. Dette konsumet vert ikkje fanga opp i Varekonsumindeksen.

Vidare var det ein nedgang i konsumet av matvarer på 0,3 prosent. Alkoholkonsumet gjekk opp med 3,4 prosent, noko som kan hengje saman med godt ver i påska.

Konsumet av elektrisitet og brensel gjekk ned med 0,5 prosent frå mars til april. Konsumet av elektrisitet gjekk ned med 2 prosent, samstundes som konsumet av brensel og fjernvarme gjekk opp med nesten 11 prosent i perioden. Denne vridinga i konsumet kan ha samanheng med utviklinga i prisane. Prisen på elektrisitet gjekk markant opp i april, samstundes var prisane på anna oppvarming omkring uendra.

Kjøp av bilar samt bensin og olje gjekk ned med 0,4 prosent frå mars til april. Salet av bilar gjekk ned, medan salet av bensin gjekk noko opp.

I sesongjusteringa er det vanskeleg å korrigere for effektar av handel i samanheng med påska. Dette gjer at dei sesongjusterte varekonsumindeksane for mars og april er noko meir usikre enn indeksane for dei andre månadene. Også vekstratane i dei ujusterte tala vert påverka av påska.

Dei ujusterte tala viser ein nedgang i varekonsumet på 3,4 prosent frå april i fjor til april i år. Det var særleg kjøp av bilar samt "andre varer" som trekte indeksen ned. Konsumet av elektrisitet var vel 8 prosent høgare, og trekte indeksen opp.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for fyrstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, april 2006. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. April 2005-april 2006. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
frå månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2005        
April  141,4 7,1        133,2 5,6
Mai  137,8 -2,6  131,4 4,3
Juni  139,2 1,0  142,9 2,6
Juli  139,9 0,5  139,1 3,1
August  140,0 0,1  141,9 5,8
September  139,0 -0,8  133,7 3,0
Oktober  137,5 -1,1  134,2 0,5
November  138,2 0,5  141,3 1,5
Desember  140,6 1,8  186,0 0,7
         
2006        
Januar  140,2 -0,3  132,9 5,7
Februar  139,9 -0,2  121,2 1,5
Mars  141,2 0,9  140,6 7,7
April  140,3 -0,6  128,6 -3,4
1  Merk at indeksane er reviderte.