3323_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3323
Auke i konsumet
statistikk
2006-05-02T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenmars 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i konsumet

Sesongjusterte tal viser ein auke i konsumet av varer på 1,3 prosent frå februar til mars. Auken kjem i stor grad av høgare konsum av elektrisitet, men det var også auke i dei fleste andre varegruppene.

Etter ein nedgang frå januar til februar, gjekk konsumet av mat og drikke samla sett opp med 1,2 prosent frå februar til mars. Mat og alkoholfrie drikkevarer gjekk opp, medan konsumet av alkoholhaldige drikkevarer gjekk noko ned.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" gjekk opp med 0,8 prosent i mars. Det var hovudsakleg konsumet av møblar og kvitevarer samt klede og sko som trekte opp.

Konsumet av elektrisitet og brensel auka med 5,3 prosent frå februar til mars. Dette må sjåast i samanheng med det kalde veret i mars. Konsumet av elektrisitet auka mest, men også konsumet av brensel og fjernvarme gjekk opp i perioden.

Kjøp av bilar samt bensin og olje auka med 0,8 prosent frå februar til mars.

I sesongjusteringa er det vanskeleg å korrigere for effektar av handel i samanheng med påska. Dette gjer at dei sesongjusterte varekonsumindeksane for mars og april er noko meir usikre enn indeksane for dei andre månadene.

Dei ujusterte tala viser ein auke i varekonsumet på 7,6 prosent frå mars i fjor til mars i år. Det var særleg auke i "andre varer" som trekte konsumet opp, medan lågt konsum av mat og drikkevarer trekte indeksen ned.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, mars 2006. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Mars 2005-mars 2006. 1995=1001
Periode    Sesongjustert Prosentendring
   frå månaden før
   Ujustert Prosentendring frå
   same månad året før
2005        
Mars  132,4 -4,0  130,5 -2,6
April  140,8 6,4  133,2 5,6
Mai  137,7 -2,2  131,4 4,3
Juni  139,3 1,1  142,9 2,6
Juli  139,9 0,5  139,1 3,1
August  140,1 0,1  141,9 5,8
September     139,0 -0,8  133,7 3,0
Oktober  137,5 -1,1  134,2 0,5
November  138,2 0,5  141,3 1,5
Desember  140,6 1,7  186,0 0,7
2006        
Januar  140,2 -0,2  132,9 5,7
Februar  139,9 -0,2  121,2 1,5
Mars  141,8 1,3  140,5 7,6
1  Merk at indeksane er reviderte.