3327
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3327
Svak nedgang i konsumet
statistikk
2006-03-01T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenjanuar 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak nedgang i konsumet

Sesongjusterte tal viser ein svak nedgang i konsumet frå desember i fjor til januar i år, på 0,2 prosent. Konsumet av matvarer gjekk markant opp, mens konsumet av bilar gjekk kraftig ned.

Kjøp av bilar var 11 prosent lågare i januar enn i desember. Den svake utviklinga frå førre månad heng saman med høg omsetning av bilar i desember. Utan denne nedgangen ville varekonsumindeksen ha auka med 1,7 prosent. Til samanlikning var hushalda sine kjøp av bilar i januar 4,6 prosent høgare enn i januar i fjor.

Etter ei svak utvikling av konsumet av matvarer siste halvår i fjor, auka dette konsumet i januar med heile 6,1 prosent. Drikkevarer og tobakk hadde noko mindre auke.

Konsumet av elektrisk kraft gjekk ned med 0,8 prosent frå desember til januar, og konsumet av brensel og fjernvarme gjekk ned med 1,8 prosent. Lågt konsum av elektrisitet og brensel elles har mellom anna samanheng med det varme veret i januar. Temperaturane i januar var betydeleg høgare enn normalen for heile landet.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" gjekk opp med 0,9 prosent frå desember til januar. Det var først og fremst konsumet av ikkje-varige hushaldsartiklar og personlege varer som trekte opp. Samstundes gjekk konsumet av teleutstyr ned. Konsumet av klede gjekk opp med 0,5 prosent i januar. Samanliknar ein med januar i 2005, gjekk konsumet av klede opp med 9,6 prosent. Dette konsumet gjekk ned andre halvdel av 2005, men ser no ut til å ha stabilisert seg.

Varekonsumet i januar i år låg 5,9 prosent over same månad i 2005. Det er den høgaste tolvmånadersveksten varekonsumet har vist sidan desember 2004. Dette må sjåast i samanheng med det låge konsumet i januar 2005.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noka ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, januar 2006. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. Januar 2005-januar 2006. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
frå månaden før
Ujustert Prosentendring
frå same månad året før
2005        
Januar  133,1 -5,7  125,7 -3,3
Februar  137,4 3,2  119,4 2,1
Mars  133,2 -3,1  130,5 -2,6
April  140,8 5,7  133,2 5,6
Mai  137,7 -2,2  131,4 4,3
Juni  139,2 1,2  142,9 2,6
Juli  139,9 0,5  139,1 3,1
August  140,0 0,1  141,9 5,8
September  138,9 -0,8  133,7 3,0
Oktober  137,5 -1,0  134,2 0,5
November  138,1 0,4  141,1 1,5
Desember  140,7 1,9  186,1 0,8
2006        
Januar  140,4 -0,2  133,2 5,9
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB