3329_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3329
Framleis auke i konsumet
statistikk
2006-01-30T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksendesember 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis auke i konsumet

Dei sesongjusterte tala viser ein auke i konsumet av varer på 1,8 prosent frå november til desember i fjor. Kjøp av biler og bensin samt konsum av elektrisk kraft og brensel trekte indeksen opp, medan konsumet av matvarer, drikke og tobakk samt konsumet av andre varer var stabilt.

Kjøp av bilar var høgare enn normalt for desember, og tala viser ein sesongjustert auke på 14,4 prosent frå månaden før. Konsumet av bensin og olje gjekk ned med 0,6 prosent i den same perioden.

Konsumet av elektrisk kraft gjekk opp med 3,7 prosent frå november til desember, og konsumet av brensel og fjernvarme gjekk svakt opp med 0,9 prosent. Høgt konsum av elektrisk kraft har mellom anna samanheng med det kjølige veret i desember samanlikna med november.

Ser ein på konsumet av mat, drikkevarer og tobakk gjekk dette ned med 0,5 prosent i desember frå månaden før. Konsumet av brus gjekk ned med 1,0 prosent og konsumet av matvarer gjekk ned med 1,5 prosent.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" gjekk opp med 0,6 prosent frå november til desember. Det var fyrst og fremst konsumet av teleutstyr som trekte opp, med ein auke på 10,5 prosent. Samstundes var det ein vekst i konsumet av fritidsutstyr på om lag 3,0 prosent.

Varekonsumet i desember 2005 låg 0,5 prosent over same månad i 2004. Konsumet av matvarer gjekk ned med 0,5 prosent i denne perioden, medan konsum av elektrisitet gjekk opp med 5,4 prosent. Korga "andre varer" auka med 5,3 prosent, og det var særleg konsum av foto- og it-utstyr samt teleutstyr som auka, med ein vekst på om lag 14,0 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, desember 2005. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Desember 2004-desember 2005. 1995=1001
     Periode      Sesongjustert      Prosentendring
frå månaden før
       Ujustert      Prosentendring
frå same månad
året før
2004        
Desember  141,3 3,1  184,8 7,6
2005        
Januar  133,0 -5,9  125,7 -3,3
Februar  137,4 3,3  119,4 2,1
Mars  133,3 -3,0  130,5 -2,6
April  140,8 5,6  133,2 5,6
Mai  137,7 -2,2  131,4 4,3
Juni  139,2 1,2  142,9 2,6
Juli  139,9 0,5  139,1 3,1
August  140,0 0,1  141,9 5,8
September     138,9 -0,8  133,7 3,0
Oktober  137,4 -1,1  134,2 0,5
November  138,0 0,4  141,1 1,5
Desember  140,5 1,8  185,7 0,5
1  Merk at indeksane er reviderte.