3331_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3331
Svak auke i konsumet
statistikk
2006-01-06T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksennovember 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak auke i konsumet

Etter to månader med nedgang i konsumet, viser dei sesongjusterte tala ein oppgang på 0,2 prosent frå oktober til november. Matvarer, møblar og kvitevarer trekte varekonsumindeksen opp, medan lågt konsum av elektrisitet trekte han ned.

Konsumet av mat, drikkevarer og tobakk gjekk opp med 0,3 prosent frå oktober til november. Konsumet av alkoholfrie drikker gjekk opp med 3,4 prosent, medan konsumet av matvarer gjekk opp med 0,6 prosent. Konsumet av tobakk fall med 1,6 prosent i november.

Varekonsumindeksen viser ein nedgang på 0,7 prosent i kjøp av bilar, bensin og olje. Konsumet av bensin og olje gjekk ned med 0,3 prosent og salet av personbilar gjekk ned med 0,9 prosent.

Konsumet av elektrisk kraft gjekk ned med 2,4 prosent frå oktober til november, medan konsumet av brensel og fjernvarme held seg på same nivå som i oktober. Lågt konsum av elektrisk kraft har mellom anna samanheng med det varme veret i november.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" gjekk opp med 0,7 prosent frå oktober til november. Det var fyrst og fremst konsumet av møblar, kvitevarer og hushaldsartiklar som trekte opp, med ein auke på om lag 1,2 prosent. Samstundes var det ein vekst i konsumet av teleutstyr på 1,1 prosent.

Varekonsumet i november 2005 låg 1,0 prosent over same månad i 2004. Konsumet av matvarer gjekk ned med 0,2 prosent i denne perioden, konsum av elektrisitet ned med 6,3 prosent, medan konsum av bilar hadde ein nedgang på 7,1 prosent. Korga "andre varer" trekte i motsett retning, og auka med 5,3 prosent. Det var særleg konsum av foto- og it-utstyr samt teleutstyr som auka, med vekst på om lag 15 prosent.

Nytt datagrunnlag for tobakkskonsumet har ført til nokre endringar for tala frå oktober 2005.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, november 2005. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. November 2004-november 2005. 1995=1001
Periode         Sesongjustert        Prosentendring
frå månaden før
       Ujustert        Prosentendring
frå same månad
året før
2004        
November  137,1 1,6  139,1 6,6
Desember  141,7 3,3  184,8 7,6
2005        
Januar  133,0 -6,1  125,7 -3,3
Februar  137,4 3,3  119,4 2,1
Mars  133,4 -2,9  130,5 -2,6
April  140,7 5,5  133,2 5,6
Mai  137,3 -2,2  131,4 4,3
Juni  139,3 1,2  142,9 2,6
Juli  139,8 0,4  139,1 3,1
August  140,0 0,1  141,9 5,8
September  138,8 -0,8  133,7 3,0
Oktober  137,2 -1,2  134,2 0,5
November  137,4 0,2  140,5 1,0
1  Merk at indeksane er reviderte.