3333
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3333
Konsumet ned i oktober
statistikk
2005-11-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenoktober 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet ned i oktober

Nedgangen i varekonsumet frå august til september heldt fram i oktober. Justert for normal sesongvariasjon var varekonsumet 1,4 prosent lågare i oktober enn i september. Sterkast nedgang var det i konsumet av elektrisitet og brensel, som gjekk ned med heile 11,6 prosent.

Konsumet av mat, drikkevarer og tobakk gjekk ned med 0,9 prosent frå september til oktober. Konsumet av alkoholhaldige drikker gjekk ned med 1,6 prosent, medan konsumet av tobakk gjekk opp med 4,8 prosent.

Varekonsumindeksen viser ein nedgang på 1,4 prosent i kjøp av bilar, bensin og olje. Konsumet av bensin og olje auka med 0,8 prosent. Salet av personbilar trekte i motsett retning, og gjekk ned med 2,4 prosent.

Både konsumet av elektrisk kraft og konsumet av brensel og fjernvarme gjekk ned med 11,6 prosent frå september til oktober. Lågt konsum av elektrisk kraft og brensel har mellom anna samanheng med det varme veret i oktober.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer" fall med 0,2 prosent frå september til oktober. Det var fyrst og fremst konsumet av møblar, kvitevarer og personlege varer som trekte ned. Samstundes var det ein vekst i konsumet av teleutstyr på 3,3 prosent.

Varekonsumet i oktober i år var berre 0,5 prosent over same månad året før. Konsumet av matvarer gjekk ned med 2,5 prosent i denne perioden, konsum av elektrisitet ned med 7,8 prosent, medan konsum av bilar hadde ein nedgang på 4,7 prosent. Korga "andre varer" trekte i motsett retning, og auka med 3,5 prosent. Det var særleg konsum av foto- og IT-utstyr samt teleutstyr som auka, med vekst omkring 11 prosent. Tobakkskonsumet tok seg kraftig opp, og låg i oktober 14,6 prosent høgare enn same månad i fjor.

Revisjonar i varekonsumindeksen

Statistisk sentralbyrå har ved denne publiseringa lagt til grunn ein oppdatert struktur for samansetninga av varekonsumet. Dette fører med seg revisjonar i indeksane, både i dei sesongjusterte og ujusterte tala.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, oktober 2005. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Oktober 2004-oktober 2005. 1995=1001
Periode      Sesongjustert      Prosentendring
frå månaden før
        Ujustert      Prosentendring
frå same månad
året før
2004        
Oktober  137,2 -0,2  135,7 -0,5
November  139,0 1,3  141,1 6,7
Desember  144,4 3,9  189,1 8,0
       
2005        
Januar  135,5 -6,2  127,2 -3,0
Februar  139,8 3,2  120,4 2,3
Mars  135,6 -3,0  131,7 -2,7
April  143,7 6,0  135,7 6,0
Mai  140,1 -2,5  133,7 4,3
Juni  141,8 1,2  146,3 2,6
Juli  142,5 0,5  142,4 3,2
August  142,7 0,2  145,1 6,0
September  141,4 -0,9  136,5 3,0
Oktober  139,5 -1,4  136,3 0,5
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB