3335_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3335
Konsumet ned i september
statistikk
2005-10-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenseptember 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet ned i september

Justert for normal sesongvariasjon gjekk varekonsumet ned frå august til september med 1,0 prosent. Det var ein nedgang i dei fleste konsumvarene. Til dømes gjekk konsumet av klede, sko, elektrisitet, møblar og kvitevarer ned. Samstundes gjekk konsumet av alkoholhaldige drikkevarer opp.

Konsumet av mat, drikkevarer og tobakk var om lag uendra frå august til september. Konsumet av alkoholhaldige drikkevarer gjekk opp med 4,6 prosent, medan konsumet av tobakk gjekk ned med 5,0 prosent. Matvarekonsumet held seg på same nivå som i august.

Varekonsumindeksen viste ein nedgang på 0,7 prosent i kjøp av bilar, bensin og olje. Konsumet av bensin og olje gjekk opp frå det låge nivået i august, og auka med 1,4 prosent. Salet av personbilar trekte i motsett retning, og gjekk ned med 1,7 prosent.

I september gjekk konsumet av elektrisk kraft ned med 4,0 prosent mot august, medan konsumet av brensel gjekk ned med 5,0 prosent. Lågt konsum av elektrisk kraft og brensel har mellom anna ein samanheng med det varme veret i september. Temperaturane på Austlandet og Sørlandet låg i medelverdi heile 2,5 grader over normalen.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer", avtok med 1,4 prosent frå august til september. Det var først og fremst konsumet av møblar, kvitevarer og teleutstyr som trekte ned.

Sjølv om varekonsumet gjekk ned frå august til september, viste dei ujusterte tala ein auke i konsumet frå september 2004 til september 2005 på 2,8 prosent. Medan brensel og fjernvarme samt møblar og kvitevarer har hatt ein volumauke på respektive 5,8 og 6,7 prosent, gjekk konsumet av tobakk og bensin ned frå same månad året før. Verken matvarer eller alkoholfrie drikkevarer har hatt noko endring av omfang.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, september 2005. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. September 2004-september 2005.
1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2004        
September  136,6 0,1  131,4 4,0
Oktober  135,5 -0,8  134,6 -0,5
November  137,6 1,6  139,9 6,6
Desember  143,2 4,1  187,5 8,0
         
2005        
Januar  134,3 -6,2  126,1 -3,1
Februar  138,7 3,2  119,4 2,3
Mars  134,5 -3,0  130,5 -2,8
April  142,5 6,0  134,5 5,9
Mai  139,0 -2,5  132,6 4,2
Juni  140,7 1,2  145,1 2,5
Juli  141,5 0,6  141,3 3,3
August  141,7 0,1  144,0 6,0
September  140,2 -1,0  135,1 2,8
1  Merk at indeksane er reviderte.