3337
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3337
Konsumet av varer uendra frå juli til august
statistikk
2005-09-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenaugust 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet av varer uendra frå juli til august

Justert for normal sesongjustering var varekonsumet uendra frå juli til august. Lågare konsum av alkoholhaldige drikker, bensin og elektrisitet trekte ned, medan auka sal av personbilar drog i motsett retning.

Konsumet av mat, drikkevarer og tobakk gjekk ned med 0,5 prosent frå juli til august, visar den sesongjusterte varekonsumindeksen. Medan matvarer og alkoholfrie drikkevarar var uendra frå juli til august, gjekk konsumet av alkoholhaldige drikkevarer ned med heile 4,8 prosent. Dette heng mest sannsynleg saman med dårleg ver i august, som igjen gir lågare konsum av øl.

Varekonsumindeksen viser ein auke på 0,4 prosent i kjøp av bilar, bensin og olje. Her var det òg underkomponentar som trekte i kvar si retning. Medan dei høge bensinprisane har ført til ein kraftig nedgang i konsumet av bensin, heile 4,3 prosent mot månaden før, gjekk salet av personbilar opp med 2,7 prosent.

I august gjekk konsumet av elektrisk kraft og brensel ned med 0,6 prosent. Konsumet av brensel gjekk markant opp, medan konsumet av elektrisk kraft gjekk ned med 2,8 prosent.

Konsumet av varer som høyrer heime i korga "andre varer", gjekk opp med 0,3 prosent frå juli til august. Det var fyrst og fremst konsumet av møblar og kvitevarer samt teleutstyr som trekte opp.

Den ujusterte varekonsumindeksen viser ein kraftig auke i konsumet frå august 2004 til august 2005. Dei ujusterte tala viser ein auke på heile 5,8 prosent i denne perioden. Det var auke i alle konsumgruppene utanom matvarer, drikkevarer og tobakk.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, august 2005. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. August 2004-august 2005. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2004        
August  136,8 1,8       135,8 4,5
September  136,3 -0,3  131,4 4,0
Oktober  135,4 -0,7  134,6 -0,5
November  137,6 1,6  139,9 6,6
Desember  143,2 4,1  187,5 8,0
2005        
Januar  134,3 -6,2  126,1 -3,1
Februar  138,6 3,2  119,4 2,3
Mars  134,4 -3,0  130,5 -2,8
April  142,6 6,0  134,5 5,9
Mai  139,0 -2,5  132,6 4,2
Juni  140,8 1,3  145,1 2,5
Juli  141,7 0,7  141,3 3,3
August  141,7 0,0  143,8 5,8
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB