3339
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3339
Konsumet av varer svakt opp
statistikk
2005-08-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk
false

Varekonsumindeksenjuli 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet av varer svakt opp

Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein oppgang i volum på 0,3 prosent målt frå juni til juli 2005. Det var mellom anna klede- og skokjøp som trekte opp, medan elektrisitet og brensel trekte indeksen ned.

Sesongjustert gjekk forbruket av mat, drikkevarer og tobakk opp med 0,7 prosent frå juni til juli, medan kjøpet av bilar, bensin og olje gjekk ned med 0,3 prosent. I same periode viste forbruket av elektrisitet og brensel ein nedgang på 6,8 prosent. Forbruket av andre varer viste ein oppgang på 1,2 prosent frå juni til juli.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 2,9 prosent høgare i volum i juli enn han var i same månad året før. Kjøpet av bilar, bensin og olje gjekk opp med 0,3 prosent. Det same gjorde også forbruket av mat, drikkevarer og tobakk, medan veksten i konsumet av elektrisitet og brensel gjekk ned 1,1 prosent. Forbruket av andre varer gjekk opp med 6,1 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, juli 2005. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. Juli 2004-juli 2005. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
frå månaden før
Ujustert Prosentendring
frå same månad året før
2004        
Juli  134,4 -2,1       136,9 2,2
August  136,9 1,9  135,8 4,5
September  136,3 -0,4  131,4 4,0
Oktober  135,4 -0,7  134,6 -0,5
November  137,6 1,7  139,9 6,6
Desember  143,2 4,1  187,5 8,0
2005        
Januar  134,3 -6,2  126,1 -3,1
Februar  138,7 3,2  119,4 2,3
Mars  134,4 -3,0  130,5 -2,8
April  142,5 6,0  134,5 5,9
Mai  139,0 -2,5  132,6 4,2
Juni  140,7 1,2  145,1 2,5
Juli  141,1 0,3  140,9 2,9
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB