3343
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3343
Konsumet av varer gjekk ned
statistikk
2005-06-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenmai 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet av varer gjekk ned

Justert for normal sesongvariasjon, viser varekonsumindeksen ein nedgang i volum på 2,5 prosent målt frå april til mai i år.

Sesongjustert gjekk kjøpet av transportmiddel, bensin og olje ned med 2,3 prosent frå april til mai. I same periode gjekk forbruket av elektrisitet og brensel opp med 1,4 prosent, medan forbruket av mat, drikkevarer og tobakk gjekk opp med 1,3 prosent. Forbruket av andre varer viser ein nedgang på 5,3 prosent frå april til mai.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 4,2 prosent høgare i volum i mai enn han var i same månad året før. Kjøpet av transportmiddel, bensin og olje gjekk opp med 3,3 prosent, medan veksten i konsumet av elektrisitet og brensel gjekk opp med 6,7 prosent. Forbruket av mat, drikkevarer og tobakk viste ein auke på 1,5 prosent i same periode, medan forbruket av andre varer gjekk opp med 6,1 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, mai 2005. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. Mai 2004-mai 2005. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
frå månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2004        
Mai  133,1 -0,8      127,2 0,1
Juni  137,5 3,2  141,6 9,1
Juli  134,7 -2,0  136,9 2,2
August  136,9 1,7  135,8 4,5
September  136,4 -0,4  131,4 4,0
Oktober  135,5 -0,6  134,6 -0,5
November  137,6 1,6  139,9 6,6
Desember  143,2 4,1  187,5 8,0
         
2005        
Januar  134,3 -6,2  126,1 -3,1
Februar  138,6 3,2  119,4 2,3
Mars  134,3 -3,1  130,5 -2,8
April  142,3 5,9  134,5 5,9
Mai  138,7 -2,5  132,6 4,2
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB