3345
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3345
Konsumet av varer aukar
statistikk
2005-05-30T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenapril 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Konsumet av varer aukar

Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein auke i volum på 5,9 prosent målt frå mars til april 2005.

Sesongjustert gjekk kjøpet av transportmiddel, bensin og olje opp med 7,5 prosent frå mars til april. I same periode gjekk forbruket av elektrisitet og brensel ned med 1,9 prosent, medan forbruket av mat, drikkevarer og tobakk gjekk ned med 1,3 prosent. Forbruket av andre varer viser ein auke på 11,3 prosent frå mars til april, og det er særleg kjøp av klede og sko som trekkjer opp.

I sesongjusteringa er det vanskeleg å korrigere for effektar av handel i samanheng med påska. Dette gjer at dei sesongjusterte varekonsumindeksane for mars og april er noko meir usikre enn indeksane for dei andre månadene.

Denne gongen har det vorte innarbeida nye utrekningar for avgiftsendringar.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 5,9 prosent høgare i volum i april enn han var i same månad året før. Kjøpet av bilar gjekk opp med 3,8 prosent, medan veksten i konsumet av elektrisitet og brensel gjekk opp med 5,3 prosent. Forbruket av mat, drikkevarer og tobakk viste ein nedgang på 4,1 prosent i same perioden, medan forbruket av andre varer gjekk opp med 14,0 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der korttidsstatistikken til Noregs vassdrags- og energidirektorat er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med elektrisitetsstatistikken til Statistisk sentralbyrå. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, april 2005. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. April 2004-april 2005.
1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
frå månaden
før
Ujustert Prosentendring
frå same
månad året
før
2004        
April  134,2 -3,0       127,0 4,1
Mai  133,2 -0,8  127,2 0,1
Juni  137,4 3,2  141,6 9,1
Juli  134,6 -2,0  136,9 2,2
August  136,9 1,7  135,8 4,5
September  136,4 -0,4  131,4 4,0
Oktober  135,5 -0,6  134,6 -0,5
November  137,7 1,6  139,9 6,6
Desember  143,2 4,0  187,5 8,0
         
2005        
Januar  134,3 -6,2  126,0 -3,2
Februar  138,8 3,3  119,6 2,4
Mars  134,3 -3,2  130,5 -2,8
April  142,3 5,9  134,4 5,9
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB