3347
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3347
Nedgang i konsumet av varer
statistikk
2005-04-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenmars 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i konsumet av varer

Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein nedgang i volum på 3,6 prosent målt frå februar til mars.

Sesongjustert gjekk kjøpet av transportmiddel, bensin og olje ned med 5,1 prosent frå februar til mars. I same periode gjekk forbruket av elektrisitet og brensel opp med 0,1 prosent, medan forbruket av mat, drikkevarer og tobakk gjekk opp med 0,2 prosent. Forbruket av andre varer viser ein nedgang på 6,0 prosent frå februar til mars. Det er særleg kjøp av klede og sko som trekkjer ned.

I sesongjusteringa er det vanskeleg å korrigere for effektar av handel i samanheng med påsken. Dette gjer at dei sesongjusterte varekonsumindeksane for mars og april er noko meir usikre enn indeksane for dei andre månadene.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 2,0 prosent lågare i volum i mars enn han var i same månad året før. Kjøpet av bilar gjekk ned med 9,7 prosent, medan veksten i konsumet av elektrisitet og brensel gjekk opp med 5,0 prosent. Forbruket av mat, drikkevarer og tobakk viste ein auke på 0,2 prosent i same periode, medan forbruket av andre varer gjekk ned med 1,9 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, mars 2005. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Mars 2004-mars 2005. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2004        
Mars  137,7 3,9           133,9 13,0
April  134,5 -2,4  126,5 4,1
Mai  132,8 -1,2  126,8 0,1
Juni  137,0 3,2  141,0 9,1
Juli  134,3 -2,0  136,4 2,2
August  136,3 1,5  135,3 4,5
September  135,9 -0,3  131,0 4,0
Oktober  135,0 -0,7  134,1 -0,5
November  137,1 1,6  139,4 6,6
Desember  142,7 4,1  186,7 8,0
2005        
Januar  134,6 -5,7  126,6 -2,4
Februar  139,1 3,4  120,2 3,3
Mars  134,0 -3,6  131,2 -2,0
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB