3349
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3349
Varekonsumet aukar
statistikk
2005-04-05T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenfebruar 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Varekonsumet aukar

Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein auke i volum på 3,1 prosent målt frå januar til februar. Dette kjem i hovudsak av ein auke i kjøp av bilar og klede og sko.

Sesongjustert gjekk kjøpet av bilar, bensin og olje opp med 7,0 prosent frå januar 2005 til februar 2005. I same periode gjekk forbruket av elektrisitet og brensel opp med 3,7 prosent, medan forbruket av mat, drikkevarer og tobakk auka med 0,7 prosent. Forbruket av andre varer viser ein auke på 3,4 prosent frå januar til februar.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 2,8 prosent høgare i volum i februar enn han var i same månad året før. Kjøp av bilar gjekk opp med 2,0 prosent, medan konsumet av elektrisitet og brensel viste ein auke på 0,5 prosent frå februar i fjor til februar i år.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal. Desse kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk, noko som gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for tidlegare periodar.

Varekonsumindeks, februar 2005. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Februar 2004-februar 2005. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad
året før
2004        
Februar  132,8 -1,1                116,3 6,1
Mars  137,2 3,3  133,9 13,0
April  134,3 -2,1  126,5 4,1
Mai  132,7 -1,2  126,8 0,1
Juni  137,0 3,2  141,0 9,1
Juli  134,2 -2,0  136,4 2,2
August  136,2 1,5  135,3 4,5
September  135,9 -0,3  131,0 4,0
Oktober  135,1 -0,6  134,1 -0,5
November  137,2 1,6  139,4 6,6
Desember  142,9 4,2  186,7 8,0
2005        
Januar  134,8 -5,7  126,6 -2,4
Februar  139,0 3,1  119,7 2,8
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB