3351
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3351
Nedgang i konsumet av varer
statistikk
2005-03-01T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenjanuar 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i konsumet av varer

Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein nedgang i volum på 5,9 prosent målt frå desember 2004 til januar i år. Ein kraftig nedgang i kjøp av bilar er hovudårsaka.

Kjøp av transportmiddel, bensin og olje gjekk ned med 29,0 prosent frå desember 2004 til januar 2005, viser tal som er justert for normal sesongvariasjon. I same periode gjekk forbruket av elektrisitet og brensel ned med 4,7 prosent, medan forbruket av andre varer gjekk ned med 0,3 prosent. Forbruket av mat, drikkevarer og tobakk viste ein auke på 0,4 prosent frå desember til januar.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 2,7 prosent lågare i volum i januar enn han var i same månad året før.

Kjøp av transportmiddel var 7,3 prosent lågare i januar 2005 enn i tilsvarande månad året før, viste ujusterte tal. Veksten i konsumet av elektrisitet og brensel gjekk ned med 7,3 prosent i same periode, medan forbruket av mat, drikkevarer og tobakk viste ein nedgang på 5,8 prosent. Andre varer auka med 1,4 prosent frå januar i fjor til januar i år.

I varekonsumindeksen er det teke omsyn til redusert moms på matvarer og auka momssats elles frå 1. januar 2005.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noka ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der korttidsstatistikken til Noregs vassdrags- og energidirektorat er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med elektrisitetsstatistikken til Statistisk sentralbyrå. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, januar 2005. Sesongjustert
og ujustert volumindeks. Januar 2004-januar 2005.
1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
frå månaden
før
Ujustert Prosentendring
frå same
månad året før
2004        
Januar  134,3 2,2          129,7 6,6
Februar  133,1 -0,9  116,3 6,1
Mars  137,3 3,1  133,9 13,0
April  134,3 -2,2  126,5 4,1
Mai  132,7 -1,2  126,8 0,1
Juni  137,0 3,3  141,0 9,1
Juli  134,2 -2,0  136,4 2,2
August  136,3 1,5  135,3 4,5
September  135,9 -0,3  131,0 4,0
Oktober  135,0 -0,6  134,1 -0,5
November  137,1 1,5  139,5 6,7
Desember  142,8 4,2  186,8 8,0
         
2005        
Januar  134,4 -5,9  126,2 -2,7
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB