3354
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3354
Kraftig auke i kjøp av bilar
statistikk
2005-01-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksendesember 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Kraftig auke i kjøp av bilar

Kraftig auke i kjøp av bilar er viktigaste årsak til at varekonsumindeksen - justert for normal sesongvariasjon - viser ein auke i volum på 3,5 prosent målt frå november 2004 til desember 2004.

Sesongjustert gjekk kjøpet av transportmiddel, bensin og olje opp med heile 20,7 prosent frå november til desember 2004. I same periode voks forbruket av andre varer med 1,3 prosent. Forbruket av mat, drikkevarer og tobakk viser ein nedgang på 0,8 prosent frå november til desember, medan forbruket av elektrisitet og brensel gjekk ned med 5,3 prosent.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 7,5 prosent høgare i volum i desember enn han var i same månad året før.

Ujustert var kjøpet av transportmiddel 37,7 prosent høgare i desember 2004 enn tilsvarande månad året før. I same periode auka andre varer med 7,7 prosent. Veksten i konsumet av elektrisitet og brensel gjekk opp med 2,1 prosent frå desember i fjor til desember i år, medan forbruket av mat, drikkevarer og tobakk viste ein nedgang på 2,2 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, desember 2004. Sesongjustert
og ujustert volumindeks. Desember 2003-
desember 20041. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring
frå same månad
året før
2003        
Desember  131,6 0,5  173,0 6,7
2004        
Januar  133,8 1,7  129,7 6,6
Februar  133,0 -0,7  116,3 6,1
Mars  137,2 3,2  133,9 13,0
April  134,3 -2,1  126,5 4,1
Mai  132,6 -1,3  126,8 0,1
Juni  137,0 3,3  141,0 9,1
Juli  134,2 -2,0  136,4 2,2
August  136,2 1,5  135,3 4,5
September  136,1 -0,1  131,0 4,0
Oktober  135,1 -0,7  134,1 -0,5
November  137,6 1,9  139,5 6,7
Desember  142,4 3,5  186,0 7,5
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB