3356
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3356
Auke i forbruket av varer
statistikk
2005-01-06T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksennovember 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i forbruket av varer

Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein auke i volum på 1,5 prosent målt frå oktober til november 2004. Veksten kan i hovudsak forklarast med auka kjøp av bilar samt høgare forbruk av klede og sko.

Sesongjustert gjekk kjøpet av transportmiddel, bensin og olje opp med 5,7 prosent frå oktober til november 2004. I same periode voks forbruket av elektrisitet og brensel med 4,2 prosent. Andre varer auka med 0,5 prosent frå oktober til november, medan forbruket av mat, drikkevarer og tobakk gjekk opp med 0,4 prosent.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 6,5 prosent høgare i volum i november enn han var i same månad året før.

Ujustert var kjøpet av transportmiddel 15 prosent høgare i november 2004 enn tilsvarande månad året før. I same periode auka elektrisitet og brensel med 9,2 prosent. Veksten i konsumet av andre varer gjekk opp med 7,5 prosent frå november i fjor til november i år, medan forbruket av mat, drikkevarer og tobakk viste ein auke på 0,3 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert kjøpte i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, november 2004. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. November 2003-november 2004.
1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad
året før
2003        
November  130,9 -1,5        130,7 -0,1
Desember  131,7 0,6  173,0 6,7
         
2004        
Januar  133,9 1,7  129,7 6,6
Februar  133,1 -0,6  116,3 6,1
Mars  137,2 3,1  133,9 13,0
April  134,3 -2,1  126,5 4,1
Mai  132,7 -1,2  126,8 0,1
Juni  137,0 3,3  141,0 9,1
Juli  134,3 -2,0  136,4 2,2
August  136,1 1,4  135,3 4,5
September  135,9 -0,1  131,0 4,0
Oktober  135,0 -0,7  134,1 -0,5
November  137,1 1,5  139,2 6,5
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB