3358
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3358
Nedgang i forbruket av varer
statistikk
2004-11-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenoktober 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i forbruket av varer

Varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon viser ein nedgang i volum på 0,7 prosent målt frå september til oktober i år. Nedgangen kan i hovudsak forklarast med lågare forbruk av tobakk, teleutstyr, elektrisitet og brensel.

Sesongjustert viser konsumet av elektrisitet og brensel ein nedgang på 4,6 prosent, medan mat, drikkevarer og tobakk viser ein nedgang på 1,1 prosent frå september 2004 til oktober 2004. Kjøp av eigne transportmiddel, bensin og olje var 0,3 prosent lågare i same periode. Konsumet av andre varer visar også ein nedgang i perioden med 0,1 prosent.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 0,6 prosent lågare i volum i oktober 2004 enn han var i same månad året før.

Elektrisitet og brensel var 5,6 prosent lågare i oktober 2004 enn året før, medan konsumet av mat, drikkevarer og tobakk var 4,7 prosent lågare. Konsumet av andre varar veks i same periode med 2,7 prosent, medan kjøp av eigne transportmiddel, bensin og olje veks med 0,2 prosent.

Revisjonar i varekonsumindeksen

Statistisk sentralbyrå har ved denne publiseringa lagt til grunn ein oppdatert struktur for samansetninga av varekonsumet. Dette fører med seg revisjonar i indeksane, både i dei sesongjusterte og ujusterte tala.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, oktober 2004. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Oktober 2003-oktober 2004. 1995=1001.
(Tabellen ble korrigert 29. november 2004 kl. 1200)
Periode      Sesongjustert      Prosentendring frå
månaden før
      Ujustert      Prosentendring frå
same månad året før
2003        
Oktober  132,8 0,7  134,8 4,7
November  131,1 -1,3  130,7 -0,1
Desember  131,7 0,5  173,0 6,7
2004        
Januar  133,9 1,7  129,7 6,6
Februar  133,1 -0,6  116,3 6,1
Mars  137,3 3,1  133,9 13,0
April  134,3 -2,2  126,5 4,1
Mai  132,6 -1,2  126,8 0,1
Juni  137,0 3,3  141,0 9,1
Juli  134,2 -2,0  136,4 2,2
August  136,1 1,4  135,3 4,5
September  135,8 -0,2  131,0 4,0
Oktober  134,9 -0,7  134,0 -0,6
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB