3360
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3360
Forbruket av varer om lag uendra
statistikk
2004-10-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenseptember 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Forbruket av varer om lag uendra

Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein nedgang i volum på 0,1 prosent målt frå august til september 2004.

Sesongjustert gjekk konsumet av mat, drikkevarer og tobakk ned med 1,2 prosent frå august til september i år. I same periode var konsumet av elektrisitet og brensel 0,2 prosent lågare i perioden, medan forbruket av andre varer gjekk ned med 0,1 prosent. Kjøp av eigne transportmiddel, bensin og olje viser ein auke på 1,9 prosent frå august til september 2004.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 3,9 prosent høgare i volum i september enn han var i same månad året før.

Ujustert var konsumet av mat, drikkevarer og tobakk 1,0 prosent lågare i september 2004 enn i september 2003. I same periode auka konsumet av andre varer med 7,1 prosent. Kjøp av eigne transportmiddel, bensin og olje gjekk opp med 5,0 prosent frå september i fjor til september i år, medan elektrisitet og brensel voks med 1,5 prosent i same periode.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, blir publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering blir gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, september 2004. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. September 2003-september 2004.
1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2003        
September  130,0 1,7         124,1 7,6
Oktober  130,8 0,6  133,2 5,4
November  129,6 -0,9  129,8 0,5
Desember  130,1 0,4  174,3 7,4
         
2004        
Januar  131,6 1,1  128,3 6,7
Februar  130,8 -0,6  113,5 6,0
Mars  134,5 2,8  129,2 11,4
April  132,5 -1,5  124,8 5,6
Mai  130,4 -1,6  123,4 -1,0
Juni  135,3 3,8  138,2 9,6
Juli  132,9 -1,8  134,5 3,3
August  134,0 0,8  133,9 3,9
September  133,8 -0,1  128,9 3,9
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane har blitt reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB