3362
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3362
Forbruket av varer veks
statistikk
2004-09-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk
false

Varekonsumindeksenaugust 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Forbruket av varer veks

Forbruket av varer veks. Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein auke i volum på 0,7 prosent målt frå juli til august 2004, viser tal frå statistisk sentralbyrå.

Sesongjustert gjekk konsumet av varegruppene mat, drikkevarer og tobakk og andre varer opp med 1,1 prosent frå juli til august i år. Kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje var 0,6 prosent lågare i perioden, medan forbruket av elektrisitet og brensel gjekk ned med 1,2 prosent.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 3,8 prosent høgare i volum i august enn han var i same månad året før.

Ujustert var konsum av mat, drikkevarer og tobakk 0,9 prosent lågare i august 2004 enn i august 2003. I same periode auka kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje med 6,7 prosent. Veksten i konsumet av andre varer gjekk opp med 6,2 prosent frå august i fjor til august i år, medan elektrisitet og brensel viste ein auke på 3,6 prosent i same periode.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, publiserast samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, august 2004. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. August 2003-august 2004. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå same
månad året før
2003        
August  127,8 -0,5          128,9 2,6
September  129,8 1,6  124,1 7,6
Oktober  130,7 0,7  133,2 5,4
November  129,6 -0,9  129,8 0,5
Desember  130,1 0,4  174,3 7,4
         
2004        
Januar  131,6 1,1  128,3 6,7
Februar  130,8 -0,6  113,5 6,0
Mars  134,6 2,9  129,2 11,4
April  132,6 -1,5  124,8 5,6
Mai  130,4 -1,7  123,4 -1,0
Juni  135,3 3,8  138,2 9,6
Juli  133,0 -1,7  134,6 3,4
August  133,9 0,7  133,8 3,8
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane har blitt revidert.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB