3364
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3364
Nedgang i forbruket av varer
statistikk
2004-08-27T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenjuli 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i forbruket av varer

Hushalda sitt forbruk av varer gjekk ned med 1,6 prosent målt i faste priser frå juni 2004 til juli 2004. Dette viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Sesongjusterte tal viser at kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje var den einaste varegruppa som gjekk opp frå juni til juli i 2004, med ein auke på 0,7 prosent. Konsumet av andre varer og konsumet av mat, drikkevarer og tobakk viste ein nedgang på 3,2 og 0,5 prosent i same periode. Sesongjusterte tal viser at konsumet av elektrisitet og brensel hadde ein svak nedgang på 0,2 prosent samanlikna med månaden før.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 3,4 prosent høgare i volum i juli enn han var i same månad året før.

Veksten i konsum av andre varer er noko lågare enn den har vore tidlegare. Dei ujusterte tala viser ein auke på 6,0 prosent frå juli 2003 til juli 2004. I same periode gjekk konsumet av elektrisitet og brensel opp med 3,5 prosent, medan kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje auka med 2,7 prosent. Dei ujusterte tala viser at konsum av mat, drikkevarer og tobakk var om lag uendra i juli 2004 samanlikna med same månad året før.

Anna utregning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushaldas vareforbruk, blir publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterar høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, juli 2004. Sesongjustert og ujustert
volumindeks1. Juli 2003-juli 2004. 1995=100
Periode      Sesongjustert      Prosentendring
frå månaden før
     Ujustert      Prosentendring
frå same månad
året før
2003        
Juli  128,5 0,9  130,2 6,8
August  127,7 -0,7  128,9 2,6
September  129,8 1,7  124,1 7,6
Oktober  130,8 0,7  133,2 5,4
November  129,6 -0,9  129,8 0,5
Desember  130,1 0,4  174,3 7,4
2004        
Januar  131,6 1,1  128,3 6,7
Februar  130,8 -0,6  113,5 6,0
Mars  134,6 2,9  129,2 11,4
April  132,6 -1,5  124,8 5,6
Mai  130,4 -1,6  123,4 -1,0
Juni  135,3 3,7  138,2 9,6
Juli  133,0 -1,6  134,6 3,4
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane har blitt revidert.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB