3366_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3366
Auke i forbruket av varer
statistikk
2004-08-04T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenjuni 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i forbruket av varer

Hushalda sitt forbruk av varer auka med 3,7 prosent målt i volum frå mai til juni. Det viser den sesongjusterte varekonsumindeksen frå Statistisk sentralbyrå.

Dei sesongjusterte tala viser at alle konsumgruppene veks, og det er forbruket av andre varer som veks mest med 4,9 prosent frå mai til juni. I same periode viser forbruket av mat, drikkevarer og tobakk ein auke på 3,4 prosent, medan konsumet av elektrisitet og brensel veks med 3,3 prosent. Kjøp av eigne transportmidlar, samt bensin og olje var tilnærma uendra frå mai til juni.

Det er verdt å merke seg at streiken som varte mesteparten av mai påverkar enkelte konsumgrupper slik at veksten blir sterkare i desse enn den elles ville ha vore.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 9,7 prosent høgare i volum i juni enn han var i same månad året før.

Ujustert gjekk forbruket av andre varer opp med 15,4 prosent frå juni i fjor til juni i år, medan kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje auka med 9,1 prosent og konsumet av elektrisitet og brensel auka med 4,2 prosent i same periode. Forbruket av mat, drikkevarer og tobakk voks med 2,6 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, blir publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei enkelte delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, juni 2004. Sesongjustert og ujustert
volumindeks1.Juni 2003-juni 2004. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå same
månad året før
2003        
Juni  127,3 -0,1  126,1 4,0
Juli  128,1 0,6  130,2 6,8
August  127,7 -0,3  128,9 2,6
September  129,8 1,7  124,1 7,6
Oktober  130,8 0,7  133,2 5,4
November  129,7 -0,9  129,8 0,5
Desember  130,2 0,4  174,3 7,4
         
2004        
Januar  131,7 1,1  128,3 6,7
Februar  130,9 -0,6  113,5 6,0
Mars  134,7 2,9  129,2 11,4
April  132,7 -1,5  124,8 5,6
Mai  130,5 -1,7  123,4 -1,0
Juni  135,3 3,7  138,3 9,7
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane har blitt revidert.