3368
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3368
Nedgangen i vareforbruket fortsetter
statistikk
2004-06-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenmai 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgangen i vareforbruket fortsetter

Hushalda sitt forbruk av varer sokk med 1,8 prosent målt i volum frå april til mai. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen sokk med 1,1 prosent i volum i mai i år samanlikna med same månad året før.

Medan alle delindeksane viser ein sesongjustert nedgang i mai, er det konsumet av mat, drikkevarer og tobakk som trekkjer sterkast ned med 2,6 prosent frå april til mai. Kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje, viser ein sesongjustert nedgang med 1,7 prosent i same periode. Konsumet av elektrisitet og brensel og andre varer, viser begge ein sesongjustert nedgang med 1,4 prosent.

Dei ujusterte tala viser òg at konsumet av mat, drikkevarer og tobakk trekkjer sterkast ned med 6,7 prosent frå mai i fjor til mai i år. Det er grunn til å tru at streiken som varte i mesteparten av mai er ei årsak til denne nedgangen. Konsumet av elektrisitet og brensel gjekk ned med 4,3 prosent, medan kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje og andre varer viste ein auke ujustert på 0,1 og 3,1 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, mai 2004. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Mai 2003-mai 2004. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring
frå same månad
året før
2003        
Mai  127,3 0,5              124,6 4,2
Juni  127,9 0,5  126,1 4,0
Juli  128,2 0,2  130,2 6,8
August  127,7 -0,3  128,9 2,6
September  129,8 1,7  124,1 7,6
Oktober  130,8 0,7  133,2 5,4
November  129,7 -0,8  129,8 0,5
Desember  130,2 0,3  174,3 7,4
         
2004        
Januar  131,6 1,1  128,3 6,7
Februar  130,8 -0,6  113,5 6,0
Mars  134,6 2,9  129,2 11,4
April  132,5 -1,5  124,8 5,6
Mai  130,0 -1,8  123,2 -1,1
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane har blitt revidert.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB