3370_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3370
Nedgang i forbruket av varer
statistikk
2004-05-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenapril 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i forbruket av varer

Varekonsumindeksen viser ein nedgang på 1,4 prosent målt i volum frå mars til april, justert for normal sesongvariasjon.

Alle konsumgruppene viser ein sesongjustert volumnedgang frå mars til april i år, bortsett frå gruppa andre varer som er uendra. Kjøp av eigne transportmidlar gjekk ned med 2,9 prosent, medan mat, drikkevarer og tobakk viste ein nedgang på 2,6 prosent frå mars til april 2004. Dei sesongjusterte tala for elektrisitet og brensel gjekk ned med 1,2 prosent i same periode.

I sesongjusteringa er det vanskelig å korrigere for effektar av handel i samanheng med påsken. Dette gjer at den sesongjusterte varekonsumindeksen for mars og april er noko meir usikre enn indeksane for dei andre månadene.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 5,5 prosent høgare i volum i april i år enn han var i same månad året før. For alle konsumgruppene er den ujusterte veksten frå april 2003 til april 2004 lågare enn den var frå mars 2003 til mars 2004. Dette heng mellom anna saman med at den siste veka før påske i år fall i mars, noko som gav svært sterke vekstratar i mars. Dei ujusterte tala viser at konsumet av mat, drikkevarer og tobakk var 0,8 prosent høgare i april i år enn i same månad i fjor. Gruppene andre varer og kjøp av eigne transportmidlar samt bensin og olje gjekk i same periode opp med 9,6 og 7,1 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, april 2004. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. April 2003-april 2004. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
frå månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2003        
April  126,9 3,6        118,2 2,9
Mai  126,5 -0,3  124,6 4,2
Juni  127,9 1,1  126,1 4,0
Juli  128,1 0,2  130,2 6,8
August  127,7 -0,4  128,9 2,6
September  129,9 1,7  124,1 7,6
Oktober  130,8 0,7  133,2 5,4
November  129,7 -0,8  129,8 0,5
Desember  130,3 0,4  174,3 7,4
2004        
Januar  131,8 1,1  128,3 6,7
Februar  131,1 -0,5  113,5 6,0
Mars  134,6 2,7  129,2 11,4
April  132,8 -1,4  124,7 5,5
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane har blitt revidert.