3374
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3374
Nedgang i forbruket av varer
statistikk
2004-03-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenfebruar 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i forbruket av varer

Hushalda sitt forbruk av varer gjekk ned med 0,7 prosent målt i faste prisar frå januar 2004 til februar 2004. Dette viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Sesongjusterte tal viser at kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje var den einaste varegruppa som gjekk opp frå januar til februar i 2004, med ein auke på 0,2 prosent. Konsumet av mat, drikkevarer og tobakk og konsum av andre varer viste ein nedgang på 1,3 og 0,6 prosent i same periode. Sesongjusterte tal viser at konsumet av elektrisitet og brensel hadde ein svak nedgang på 0,5 prosent samanlikna med månaden før.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 5,9 prosent høgare i volum i februar 2004 enn han var i same månad året før.

Den sterke veksten i konsum av andre varer heldt fram, dei ujusterte tala viste ein auke på 10,8 prosent frå februar 2003 til februar 2004. Dei ujusterte tala viste at konsum av mat, drikkevarer og tobakk var 1,0 prosent høgare i februar 2004 enn i same månad året før. I same periode auka kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje med 4,9 prosent, medan elektrisitet og brensel gjekk opp med 3,0 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare bli bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, februar 2004. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. Februar 2003-februar 2004. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring
   frå månaden før
      Ujustert Prosentendring frå
    same månad året før
2003        
Februar  124,8 1,0  107,1 2,7
Mars  123,3 -1,2  116,0 0,8
April  126,9 2,9  118,2 2,9
Mai  126,5 -0,3  124,6 4,2
Juni  127,9 1,1  126,1 4,0
Juli  128,1 0,2  130,2 6,8
August  127,7 -0,3  128,9 2,6
September  129,8 1,7  124,1 7,6
Oktober  130,6 0,6  133,2 5,4
November  129,6 -0,8  129,8 0,5
Desember  130,1 0,4  174,3 7,4
2004        
Januar  131,5 1,1  128,3 6,7
Februar  130,6 -0,7  113,3 5,9
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB