3376
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3376
Auke i forbruket av varer
statistikk
2004-02-27T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenjanuar 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i forbruket av varer

Justert for normal sesongvariasjon viser varekonsumindeksen ein auke i volum på 1,1 prosent målt frå desember 2003 til januar 2004.

Sesongjustert var konsumet av mat, drikkevarer og tobakk om lag uendra, medan konsumet av andre varer viser ein auke på 1,3 prosent frå desember i fjor til januar i år. Kjøp av eigne transportmiddel, bensin og olje var 0,4 prosent høgare i perioden, medan forbruket av elektrisitet og brensel gjekk opp med 7,4 prosent. Den sterke auken i elektrisitet og brensel heng mellom anna saman med det varme veret i desember og lågare temperatur i januar.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 6,5 prosent høgare i volum i januar 2004 enn han var i same månad året før.

Revisjonar i varekonsumindeksen

Statistisk sentralbyrå har ved denne publiseringa lagt til grunn ein oppdatert struktur for samansetninga av varekonsumet. Dette fører med seg revisjonar i indeksane, både i dei sesongjusterte og ujusterte tala.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfeste hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, januar 2004. Sesongjustert
og ujustert volumindeks. Januar 2003-januar 2004.
1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2003        
Januar  123,7 -0,1  120,2 2,6
Februar  124,6 0,7  107,1 2,7
Mars  123,3 -1,0  116,0 0,8
April  126,9 2,9  118,2 2,9
Mai  126,5 -0,3  124,6 4,2
Juni  127,9 1,1  126,1 4,0
Juli  128,0 0,1  130,2 6,8
August  127,7 -0,3  128,9 2,6
September  129,8 1,7  124,1 7,6
Oktober  130,7 0,6  133,2 5,4
November  129,7 -0,8  129,8 0,5
Desember  130,2 0,4  174,3 7,4
2004        
Januar  131,6 1,1  128,1 6,5
1  Merk at indeksane er reviderte

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB