3380
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3380
Nedgang i forbruket av varer
statistikk
2004-01-06T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksennovember 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i forbruket av varer

Hushalda sitt forbruk av varer gjekk ned med 0,8 prosent målt i faste prisar frå oktober til november i 2003. Dette viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Sesongjusterte tal viser at konsumet av elektrisitet og brensel hadde den svakaste veksten frå oktober til november med ein nedgang på 8,6 prosent. Dette heng saman med det varme veret i november. Kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje var den einaste varegruppa som auka i denne perioden, medan konsumet av mat, drikkevarer og tobakk og konsum av andre varer viste nedgang på 1,0 og 0,5 prosent.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 0,2 prosent høgare i volum i november 2003 enn han var i same månad året før.

Dei ujusterte tala viser at konsum av mat, drikkevarer og tobakk var 3,4 prosent lågare i november i 2003 enn i same månad i 2002. I same periode auka kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje med 0,9 prosent. Konsumet av elektrisitet og brensel hadde ein nedgang på heile 15,9 prosent. Dette kjem av at november i 2003 var varm og at same månad i 2002 var kald. Veksten i konsumet av andre varer var 5,0 prosent etter å ha vore på over 7 prosent dei førre seks månadene.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som kan verte endra ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare bli bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, november 2003. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. November 2002-november 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
         Ujustert Prosentendring frå same
månad året før
2002        
November  126,1 1,6  128,8 4,3
Desember  123,4 -2,2  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,7 0,3  119,8 2,6
Februar  124,3 0,4  106,5 2,4
Mars  122,7 -1,3  115,1 0,2
April  126,3 3,0  117,6 2,3
Mai  126,0 -0,2  124,3 3,7
Juni  127,4 1,1  126,0 3,5
Juli  127,4 0,0  129,7 5,8
August  127,7 0,2  128,7 2,7
September  129,3 1,3  123,7 7,1
Oktober  130,0 0,6  132,5 5,0
November  128,9 -0,8  129,0 0,2

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB