3383
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3383
Forbruket av varer veks
statistikk
2003-11-27T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenoktober 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Forbruket av varer veks

Nordmenn brukar meir elektrisitet og brensel og kjøper meir mat, drikkevarer og tobakk. Hushalda sitt forbruk av varer auka med 0,7 prosent målt i faste priser frå september til oktober i år, viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 5,1 prosent høgare i volum i oktober enn han var i same månad året før.

Sesongjusterte tal viser at konsumet av elektrisitet og brensel hadde den sterkaste vekstrata frå september til oktober med 3,9 prosent. Kjøp av eigne transportmidlar, samt bensin og olje, auka noko mindre med 1,8 prosent. Medan det sesongjusterte konsumet av mat, drikkevarer og tobakk fortsette å auke også i oktober, viste konsum av andre varer inga vekst frå august til september. Merk at dei sesongjusterte indeksane er blitt reviderte.

Ujusterte tal viser at konsum av mat, drikkevarer og tobakk var 2,5 prosent høgare i oktober i år enn i same månad i fjor. I same periode auka kjøp av egne transportmidlar, bensin og olje med 2,0 prosent, medan konsumet av elektrisitet og brensel gjekk ned med 3,9 prosent. Veksten i konsumet av andre varer var på over 7 prosent for sjette månad på rad.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som mål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg noko ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå meir enn omsetning - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som kvartalsvis nasjonalrekneskap, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Denne vil seinare verte bytta ut med Statistisk sentralbyrå sin elektrisitetsstatistikk. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, oktober 2003. Sesongjustert og
ujustert volumindeks. Oktober 2002-oktober 2003. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
       Ujustert Prosentendring frå same
månad året før
2002        
Oktober  124,2 0,7  126,2 5,9
November  125,8 1,2  128,8 4,3
Desember  123,3 -2,0  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,8 0,4  119,8 2,6
Februar  124,3 0,3  106,5 2,4
Mars  122,7 -1,3  115,1 0,2
April  126,4 3,0  117,6 2,3
Mai  126,1 -0,2  124,3 3,7
Juni  127,4 1,0  126,0 3,5
Juli  127,5 0,1  129,7 5,8
August  127,7 0,2  128,7 2,7
September  129,4 1,3  123,7 7,1
Oktober  130,3 0,7  132,6 5,1
1  Merk at dei sesongjusterte indeksane har blitt reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB