3385
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3385
Forbruket av varer veks
statistikk
2003-10-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenseptember 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Forbruket av varer veks

Hushalda sitt forbruk av varer auka med 1,4 prosent målt i volum frå august til september. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 7,3 prosent høgare i volum i september enn han var i same månad året før. Revisjonen av detaljomsetningsindeksen frå mai 2003 har ført med seg revisjon av konsumgruppa andre varer i same periode.

Sjølv om alle konsumgruppene veks sesongjustert frå august til september, er det relativt store forskjellar i vekstratane. Medan det sesongjusterte konsumet av mat, drikkevarer og tobakk auka med 0,6 prosent, auka konsumet av elektrisitet og brensel med 6,3 prosent. Både kjøp av eigne transportmiddel, samt bensin og olje og konsum av andre varer viste solid utvikling, med 1,0 og 1,5 prosent.

Ujustert var konsum av mat, drikkevarer og tobakk 4,1 prosent høgare i september i år enn i same månad i fjor. I same periode auka kjøp av egne transportmiddel, bensin og olje med 2,0 prosent og konsumet av elektrisitet og brensel auka med 3,9 prosent. Vekst i konsumet av andre varer held frem, denne månaden med 12,0 prosent frå same periode i fjor.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen som har som siktemål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette kan føre med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal, som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, september 2003. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
September 2002-september 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2002        
         
September  123,2 1,4  115,5 4,4
Oktober  124,9 1,4  126,2 5,9
November  125,8 0,8  128,8 4,3
Desember  123,3 -2,0  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,8 0,5  119,8 2,6
Februar  124,3 0,3  106,5 2,4
Mars  122,6 -1,3  115,1 0,2
April  126,3 3,0  117,6 2,3
Mai  126,1 -0,2  124,3 3,7
Juni  127,3 1,0  126,0 3,5
Juli  127,4 0,0  129,7 5,8
August  127,5 0,1  128,7 2,7
September  129,3 1,4  123,9 7,3

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB