3387_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3387
Moderat utvikling i forbruket av varer
statistikk
2003-09-29T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenaugust 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Moderat utvikling i forbruket av varer

Hushalda sitt forbruk av varer auka med 0,3 prosent målt i volum frå juli til august. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon. Auken var rimeleg jamt fordelt på komponentane i varekonsumet.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 3,1 prosent høgare i volum i august enn han var i same månad året før.

Medan det sesongjusterte konsumet av mat, drikkevarer og tobakk gjekk ned med 0,3 prosent frå juli til august, auka konsumet i dei andre konsumgruppene. Forbruket av elektrisitet og brensel viste ein vekst på 1,9 prosent, medan kjøp av eigne transportmidlar, samt bensin og olje og konsum av andre varer hadde ei meir moderat utvikling med 0,3 og 0,5 prosent.

Ujustert var konsum av mat, drikkevarer og tobakk 2,4 prosent lågare i august i år enn i same månad i fjor. Kjøp av eigne transportmidlar, bensin og olje gjekk ned med 2,8 prosent, og konsumet av elektrisitet og brensel auka med 3,0 prosent i same periode. Tendensen med sterk vekst i konsumet av andre varer held fram, då denne konsumgruppa auka med 9,5 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, publiserast samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, august 2003. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
August 2002-august 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før         Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2002        
August  121,2 0,3  125,2 1,6
September  123,5 2,0  115,5 4,4
Oktober  124,9 1,1  126,2 5,9
November  125,9 0,8  128,8 4,3
Desember  123,3 -2,1  161,6 2,5
2003        
Januar  123,8 0,4  119,8 2,6
Februar  124,3 0,3  106,5 2,4
Mars  122,6 -1,3  115,1 0,2
April  126,3 3,0  117,6 2,3
Mai  126,1 -0,2  124,4 3,7
Juni  127,4 1,0  126,1 3,7
Juli  127,3 0,0  129,8 5,9
August  127,7 0,3  129,1 3,1