3389
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3389
Stabilt forbruk av varer
statistikk
2003-08-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenjuli 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Stabilt forbruk av varer

Hushaldas forbruk av varar var om lag uendra målt i volum frå juni til juli. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Medan varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon gjekk ned med 0,1 prosent frå juni til juli, var den ujusterte varekonsumindeksen 5,7 prosent høgare i volum i juli enn han var i same månad året før.

Det sesongjusterte konsumet av mat, drikkevarer og tobakk auka med 0,7 prosent frå juni til juli. Ein liten auke var det òg i konsumgruppa andre varer, her gjekk forbruket opp med 0,2 prosent. I same periode gjekk kjøp av eigne transportmiddel, samt bensin og olje ned med 1,6 prosent medan forbruket av elektrisitet og brensel gjekk ned med 3,7 prosent.

Ujustert var konsum av mat, drikkevarer og tobakk 4,9 prosent høgare i juli i år enn i same månad i fjor. Kjøp av eigne transportmiddel, bensin og olje gjekk ned med 2,6 prosent og konsumet av elektrisitet og brensel auka med 1,0 prosent i same periode. Relativt sterk vekst i den ujusterte totalindeksen vart likevel sikra av ein vekst i konsumet av andre varer på heile 10,4 prosent.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushaldas vareforbruk, blir publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering blir gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterar høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, juli 2003. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Juli 2002-juli 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2002        
Juli  120,9 -1,3  122,6 4,7
August  121,5 0,5  125,2 1,6
September  123,5 1,6  115,5 4,4
Oktober  124,9 1,1  126,2 5,9
November  125,8 0,7  128,8 4,3
Desember  123,3 -2,0  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,6 0,4  119,8 2,6
Februar  124,2 0,3  106,5 2,4
Mars  122,6 -1,3  115,1 0,2
April  126,2 3,0  117,6 2,3
Mai  126,0 -0,2  124,4 3,7
Juni  127,2 1,0  126,1 3,7
Juli  127,1 -0,1  129,6 5,7

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB