3391
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3391
Auke i forbruket av varer
statistikk
2003-07-30T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenjuni 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i forbruket av varer

Hushaldas forbruk av varer auka med 1,1 prosent målt i volum frå mai til juni. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon. Frå desember 2002 til juni 2003 har den sesongjusterte indeksen auka med 3,3 prosent.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 3,9 prosent høgare i volum i juni enn han var i same månad året før. Samanlikna med første halvår 2002 er den ujusterte indeksen 2,5 prosent høgare i første halvår 2003.

Medan det sesongjusterte konsumet av mat, drikkevarer og tobakk var tilnærma uendra frå mai til juni, voks konsumet av elektrisitet og brensel med 2,3 prosent. I same periode auka kjøp av egne transportmidlar, samt bensin og olje med 1,0 prosent og konsum av andre varer med 1,6 prosent.

Ujustert gjekk forbruk av mat, drikkevarer og tobakk ned med 1,1 prosent frå juni i fjor til juni i år, medan kjøp av egne transportmidlar, bensin og olje auka med 1,2 prosent og konsumet av elektrisitet og brensel auka med 2,3 prosent i same periode. Den sterke veksten i konsumet av andre varer held fram med over 8 prosent.

Anna utregning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushaldas vareforbruk, publiserast samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterar høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, juni 2003. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Juni 2002-juni 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2002        
Juni  122,3 0,8  121,7 1,9
Juli  120,5 -1,5  121,8 4,0
August  121,9 1,2  126,0 2,3
September  123,5 1,3  115,5 4,4
Oktober  124,9 1,1  126,2 5,9
November  125,9 0,7  128,8 4,3
Desember  123,3 -2,0  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,6 0,3  119,8 2,6
Februar  124,2 0,5  106,5 2,4
Mars  122,6 -1,2  115,0 0,1
April  126,2 2,9  117,7 2,3
Mai  126,0 -0,2  124,3 3,6
Juni  127,4 1,1  126,4 3,9

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB