3393
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3393
Moderat utvikling i forbruket av varer
statistikk
2003-06-27T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenmai 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Moderat utvikling i forbruket av varer

Hushaldas forbruk av varer auka med 0,3 prosent målt i volum frå april til mai. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon. Det er den klare veksten i forbruket av elektrisitet og brensel som trekk sterkast opp.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 4,0 prosent høgare i volum i mai enn han var i same månad året før.

Sesongjustert voks konsumet av elektrisitet og brensel med 13,6 prosent frå april til mai. Ujustert er veksten frå same periode året før på 8,6 prosent. Den sterke veksten må sjåast i samband med låge temperaturar i mai. Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk voks alminneleg forsyning (bruttoforbruk eksklusiv forbruk i kraftintensiv industri) med 9,3 prosent i mai frå året før, medan dei har berekna ein nedgang på 1,1 prosent i same periode justert for faktiske temperatursvingingar.

Forbruk av mat, drikkevarer og tobakk, og kjøp av egne transportmidlar, bensin og olje endra seg lite frå mai i fjor til mai i år, medan konsumet av andre varer i same periode voks med over 8 prosent.

Sesongjustert er konsumet av andre varer uendra frå april til mai. I same periode viser kjøp av egne transportmidlar, bensin og olje ein sesongjustert auke på 2,1 prosent, medan konsumet av mat, drikkevarer og tobakk går ned med 2,1 prosent justert for normal sesongvariasjon.

Anna utregning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushaldas vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering blir gjort for dei einskilde delindeksane. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterar høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Varekonsumindeks, mai 2003. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Mai 2002-mai 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2002        
Mai  121,3 0,0  119,9 4,1
Juni  122,7 1,2  121,7 1,9
Juli  120,6 -1,7  121,8 4,0
August  121,9 1,1  126,0 2,3
September  123,6 1,4  115,5 4,4
Oktober  125,0 1,1  126,2 5,9
November  125,7 0,5  128,8 4,3
Desember  123,3 -1,9  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,6 0,2  119,8 2,6
Februar  124,1 0,4  106,5 2,4
Mars  122,4 -1,4  115,0 0,1
April  126,0 2,9  117,7 2,3
Mai  126,3 0,3  124,7 4,0

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB