3395_not-searchable
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3395
Auke i forbruket av varer
statistikk
2003-05-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Inntekt og forbruk;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Varehandel, Nasjonalregnskap, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Inntekt og forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Varekonsumindeksenapril 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i forbruket av varer

Hushalda sitt forbruk av varer auka med 2,8 prosent målt i volum frå mars til april. Det viste varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 2,5 prosent høgare i volum i april enn han var i same månad året før.

Sjølv om varegruppene mat, drikkevarer og tobakk og andre varer viste ein klar sesongjustert vekst med 2,0 og 3,6 prosent frå mars til april, var det konsumet av elektrisitet og brensel som trekte sterkast opp med 9,6 prosent. Dette må sjåast i samband med ein samanhengande nedgang sesongjustert dei fem førre månadene. Kjøp av eigne transportmidlar samt bensin og olje voks med 0,3 prosent sesongjustert. Medan alle delindeksane viste ein auke sesongjustert frå mars til april, var biletet mindre eins for årsveksten i dei ujusterte tala. Frå same periode året før var det ein nedgang på 4,3 prosent i konsumet av elektrisitet og brensel og ein nedgang på 8,6 prosent i kjøp av eigne transportmidlar samt bensin og olje. Samstundes voks konsumet av mat, drikkevarer og tobakk med 9,5 prosent og konsumet av andre varer med 2,6 prosent.

Uvisse i samband med påske

Merk at påsken i år ikkje fell i same månad som i fjor. Dette skaper uvisse i tolking og berekning av tala. For det første kan ein få ekstreme rørsler i dei ujusterte tala når ein ser på vekst frå same periode året før. For det andre fører det med seg større uvisse i dei sesongjusterte tala rundt påske. Dessutan vil tal for ein ny periode vere opphav til revisjonar i dei sesongjusterte indeksane ettersom ein får meir informasjon eller tal for fleire periodar. Det må og nemnast at sesongjusteringa no byggjer på ein noko lengre tidsserie samanlikna med tidlegare.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, publiserast samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei einskilde delindeksane.

Varekonsumindeks. April 2003. Sesongjustert og ujustert
volumindeks. April 2002-april 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå
månaden før
    Ujustert Prosentendring frå
same månad året før
2002        
April  120,9 -1,7  115,0 8,3
Mai  121,4 0,4  119,9 4,1
Juni  122,7 1,1  121,7 1,9
Juli  120,6 -1,7  121,8 4,0
August  121,9 1,1  126,0 2,3
September  123,7 1,4  115,5 4,4
Oktober  125,0 1,1  126,2 5,9
November  125,7 0,6  128,8 4,3
Desember  123,3 -1,9  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,5 0,3  119,8 2,6
Februar  124,1 0,4  106,5 2,4
Mars  122,4 -1,4  115,0 0,1
April  125,8 2,8  117,9 2,5