3397
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3397
Nedgang i forbruket av varer
statistikk
2003-04-30T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenmars 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Nedgang i forbruket av varer

Hushalda sitt forbruk av varer sokk med 1,3 prosent målt i volum frå februar til mars. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 0,5 prosent høgare i volum i mars enn han var i same månad året før.

Medan alle delindeksane viser ein nedgang sesongjustert i mars, er det kjøp av eigne transportmidlar, samt bensin og olje som trekkjer sterkast ned med ein nedgang på 3,6 frå februar til mars. Ujustert frå same periode året før viste denne komponenten ein nedgang på 1,4 prosent. Konsumet av mat, drikkevarer og tobakk og konsumet av elektrisitet og brensel viser og klar sesongjustert nedgang med 1,0 og 2,6 prosent frå februar til mars. Dei same indeksane viser og nedgang ujustert frå same periode året før med 5,9 og 2,3 prosent. Konsumet av andre varer hadde ein svak nedgang sesongjustert med 0,6 prosent frå februar til mars, medan indeksen frå mars i fjor til mars i år viser ein sterk auke på 8,0 prosent ujustert.

Uvisse i samband med påske

Merk at påsken i år ikkje fell i same månad som i fjor. Dette skaper uvisse i tolking og berekning av tala. For det første kan ein få ekstreme rørsler i dei ujusterte tala når ein ser på vekst frå same periode året før. For det andre fører det med seg større uvisse i dei sesongjusterte tala rundt påske. Dessutan vil tal for ein ny periode vere opphav til revisjonar i dei sesongjusterte indeksane etter som ein får meir informasjon eller tal for fleire periodar. Det må og nemnast at sesongjusteringa no byggjer på ein noko lengre tidsserie samanlikna med tidlegare.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushalda sitt vareforbruk, publiserast samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei einskilde delindeksane.

Varekonsumindeks, mars 2003. Sesongjustert og ujustert volumindeks1.
Mars 2002-mars 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2002        
Mars  123,1 1,8         114,9 -0,7
April  121,2 -1,5  115,0 8,3
Mai  121,5 0,2  119,9 4,1
Juni  122,7 1,0  121,7 1,9
Juli  120,6 -1,7  121,8 4,0
August  121,9 1,1  126,0 2,3
September  123,7 1,5  115,5 4,4
Oktober  125,0 1,1  126,2 5,9
November  125,7 0,6  128,8 4,3
Desember  123,3 -2,0  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,5 0,2  119,8 2,6
Februar  123,9 0,4  106,5 2,4
Mars  122,3 -1,3  115,4 0,5
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB