3400
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3400
Jamn auke i forbruket av varer
statistikk
2003-03-27T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenfebruar 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Jamn auke i forbruket av varer

Hushaldas forbruk av varar auka med 0,6 prosent målt i volum frå januar til februar. Dette viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 2,8 prosent høgare i volum i februar enn han var i same månad året før.

Sesongjustert gjekk forbruket av elektrisitet og brensel opp med 3,8 prosent frå januar til februar. Ujustert, frå same periode året før, veks denne komponenten med 6,7 prosent. Medan den sesongjusterte veksten i konsumet av elektrisitet og brensel vert trekt opp av elektrisitetskonsumet, er det forbruket av brensel som veks sterkast på årsbasis. Kjøp av eigne transportmiddel, samt bensin og olje viste òg sterk sesongjustert vekst med ein auke på 2,5 prosent frå januar til februar. I same periode viste konsumet av mat, drikkevarer og tobakk ein nedgang på 0,5 prosent, medan konsumet av andre varer steig med 0,4 prosent.

Revisjonar i seriane

Ved denne publiseringa av Varekonsumindeksen er basisåret oppdatert med dei nye nasjonalrekneskapstala for 2000 som vart publiserte 20. mars. Dette fører med seg mindre revisjonar i vektgrunnlaget, og difor i utviklinga i indeksen. Det er òg gjort mindre revisjonar i Detaljomsetningsindeksen, som kan slå ut i Varekonsumindeksen. Fordi Statistisk sentralbyrå prioriterer høg aktualitet, må vi i nokre høve nytte førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushaldas vareforbruk, vert publisert samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering vert gjord for dei einskilde delindeksane.

Varekonsumindeks, februar 2003. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Februar 2002-februar 2003. 1995=1001
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2002        
Februar  121,1 0,2  104,0 3,5
Mars  122,1 0,8  114,9 -0,7
April  122,1 0,0  115,0 8,3
Mai  122,0 -0,1  119,9 4,1
Juni  121,8 -0,1  121,7 1,9
Juli  120,5 -1,1  121,8 4,0
August  122,0 1,3  126,0 2,3
September  123,5 1,2  115,5 4,4
Oktober  125,1 1,3  126,2 5,9
November  126,1 0,8  128,8 4,3
Desember  123,2 -2,3  161,6 2,5
         
2003        
Januar  123,8 0,5  119,8 2,7
Februar  124,5 0,6  107,0 2,8
1  Merk at indeksane er reviderte.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB