3402
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3402
Svak auke i forbruket av varer
statistikk
2003-02-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksenjanuar 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Svak auke i forbruket av varer

Hushaldas forbruk av varer auka med 0,6 prosent målt i volum frå desember til januar. Det viser varekonsumindeksen justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 3,1 prosent høgare i volum i januar enn han var i same månad året før.

Statistisk sentralbyrå frigjer no volumindeksar for delkomponentane mat, drikkevarer og tobakk, elektrisitet og brensel, kjøp av egne transportmidlar og bensin og olje og andre varer.

Sesongjustert gjekk forbruket av elektrisitet og brensel og kjøp av eige transportmidlar, samt bensin og olje ned 2,5 prosent frå desember til januar. I same periode auka konsumet av mat, drikkevarer og tobakk med 1,7 prosent, medan konsumet av andre varer steig med 1,1 prosent.

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushaldas vareforbruk, er no framskunda med om lag to veker og publiserast samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Fordi Statistisk sentralbyrå no bereknar varekonsumindeksen tidlegare, er ikkje all informasjon vi normalt nyttar tilgjengeleg. I slike høve nyttast førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet, der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta. Dette gjer at det normalt vil vere revisjonar i indeksen for førre periode.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa, nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei einskilde delindeksane.

Varekonsumindeks, januar 2003. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
Januar 2002-januar 2003. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2002        
Januar  121,1 -0,2  117,4 4,2
Februar  121,6 0,4  104,3 3,6
Mars  122,5 0,7  115,0 -0,8
April  122,5 0,1  115,3 8,4
Mai  122,0 -0,4  119,5 3,7
Juni  121,8 -0,1  121,5 1,4
Juli  120,6 -1,0  121,7 3,8
August  122,0 1,2  126,0 1,9
September  123,6 1,3  115,5 4,1
Oktober  125,1 1,2  126,1 5,6
November  126,6 1,2  129,5 4,5
Desember  123,7 -2,3  163,3 2,6
2003        
Januar  124,4 0,6  121,1 3,1

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB