3404
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3404
Forbruket gjekk ned i desember
statistikk
2003-01-28T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Varehandel og tjenesteyting, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk
false

Varekonsumindeksendesember 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Forbruket gjekk ned i desember

Varekonsumindeksen viste ein nedgang på 2,0 prosent målt i volum frå november til desember, justert for normal sesongvariasjon. Med dette er den sterke utviklinga frå august til november bremsa opp.

Den ujusterte varekonsumindeksen var 2,9 prosent høgare i volum i desember enn han var i same månad året før.

Varekonsumindeksen, som har som siktemål å talfesta hushaldas vareforbruk, er no framskunda med om lag to veker og publiserast samstundes med detaljomsetningsindeksen , som er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa. Fordi Statistisk sentralbyrå no bereknar varekonsumindeksen tidlegare, er ikkje all informasjonen vi normalt nyttar tilgjengeleg. I slike høve nyttast førebelse tal som vert erstatta ved neste publisering. Dette gjeld mellom anna elektrisitetskonsumet der Noregs vassdrags- og energidirektorat sin korttidsstatistikk er nytta.

Statistisk sentralbyrå arbeider for tida med eit opplegg for å frigje volumindeksar for nokre av delkomponentane frå varekonsumindeksen.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som grunnlag, men med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. I tillegg er varekonsumindeksen rekna ut frå omsetning i fleire næringar - mellom anna nyttar ein tal for førstegangsregistrerte bilar, sal av bensin til bensinstasjonar og ikkje-temperaturkorrigerte tal for forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og om lag dei same metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap. Sesongjustering gjerast for dei einskilde delindeksane.

Varekonsumindeks, desember 2002. Sesongjustert og ujustert volumindeks. Desember 2001-desember 2002. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2001        
Desember  121,3 0,1  158,6 2,9
         
2002        
Januar  121,2 -0,1  117,4 4,2
Februar  121,6 0,4  104,3 3,5
Mars  122,4 0,7  115,0 -0,8
April  122,5 0,1  115,3 8,4
Mai  122,0 -0,5  119,5 3,6
Juni  121,8 -0,1  121,5 1,4
Juli  120,6 -1,0  121,7 3,8
August  121,9 1,1  126,0 1,9
September  123,6 1,4  115,5 4,1
Oktober  125,1 1,2  126,1 5,6
November  126,7 1,2  129,5 4,5
Desember  124,1 -2,0  163,3 2,9

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB