3406
/varehandel-og-tjenesteyting/statistikker/vki/arkiv
3406
Forbruket av varer auka med 1,2 prosent
statistikk
2003-01-14T10:00:00.000Z
Varehandel og tjenesteyting;Nasjonalregnskap og konjunkturer;Inntekt og forbruk
no
vki, Varekonsumindeksen, volumindeks, husholdningenes forbruk (for eksempel bilkjøp, matforbruk, elektrisitetsforbruk)Nasjonalregnskap, Varehandel, Forbruk, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Inntekt og forbruk, Varehandel og tjenesteyting
false

Varekonsumindeksennovember 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Forbruket av varer auka med 1,2 prosent

Varekonsumindeksen viste ein auke på 1,2 prosent målt i volum frå oktober til november, justert for normal sesongvariasjon.

Den ujusterte varekonsumindeksen var i november 4,5 prosent høgare i volum enn han var i same månad året før.

Varekonsumindeksen har som siktemål å talfesta hushaldas forbruk, medan detaljomsetningsindeksen er ein omsetningsindeks for detaljhandelsnæringa.

Neste publisering av varekonsumindeksen med tal for desember kjem samstundes med detaljomsetningsindeksen 28. januar.

Anna utrekning enn i detaljomsetningsindeksen

Samanlikna med detaljomsetningsindeksen har varekonsumindeksen eit anna innhald, rekna ut frå omsetning i fleire næringar og med ei samanvekting som samsvarer med den delen av omsetninga i næringane som går til forbruk. Dette fører med seg ulik utvikling i dei to indeksane. For varer som vert selde i detaljhandelsnæringa nyttar ein detaljomsetningsindeksen som indikator. I tillegg nyttar ein tal for førstegongsregistrerte bilar og motorsyklar, sal av bensin til bensinstasjonar og hushalda sitt forbruk av elektrisitet.

Varekonsumindeksen nyttar dei same definisjonane og metodane som i den kvartalsvise nasjonalrekneskapen, og er difor ein indikator for posten varekonsum i kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Varekonsumindeks, november 2002. Sesongjustert og ujustert volumindeks.
November 2001-november 2002. 1995=100
Periode Sesongjustert Prosentendring frå månaden før Ujustert Prosentendring frå same månad året før
2001        
November  121,2 1,4  123,8 6,5
Desember  120,7 -0,4  158,6 2,9
2002        
Januar  121,2 0,4  117,4 4,2
Februar  121,6 0,3  104,3 3,5
Mars  122,4 0,6  115,0 -0,8
April  122,5 0,1  115,3 8,4
Mai  122,0 -0,4  119,5 3,6
Juni  121,8 -0,2  121,5 1,4
Juli  120,6 -0,9  121,7 3,8
August  122,0 1,0  126,0 1,9
September  123,8 1,5  115,5 4,1
Oktober  125,3 1,2  126,1 5,6
November  126,8 1,2  129,5 4,5

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB